Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norsk Fjørfelag lovar utbetring etter dyrevernrefs frå Mattilsynet

Astrid Sverresdotter Dypvik
Publisert: 07.02.12 19:48

«Skuffa», «nedslåande» og «uakseptabelt» er nokre av reaksjonane som har kome etter Mattilsynet sin rapport om dyrevelferda i slaktekyllingproduksjonen som vart lagt fram tysdag.

Både aktørar og interesseorganisasjonar krev at det blir rydda opp.

- Eg er skuffa over at det er så mange avvik. Bøndene må ta rev i segla og bli dyktigare, seier leiar i Norsk Fjørfelag, David Koht-Norbye.

Nina Sundqvist, kommunikasjonsdirektør i Nortura sa til Nationen tysdag at resultatet er nedslåande og uakseptabelt.

Ekstern lenke: Sjekk ut hele tilsynsrapporten (PDF, 1 MB)

Alt rydda opp i nokre avvik

Koht-Norbye seier at ikkje alle avvika har betydning for dyrevelferda, sjølv om det er brot på reglementet.

I tillegg Koht-Norbye at det alt er gjort tiltak i produksjonen i Rogaland på mellom anna fôret, klima og ventilasjon som alt skal ha bore frukter og ført til vesentleg betra kvalitet.

- Forbrukaren kan med godt samvet eta norsk kylling. Kyllingen har god helse, det er god dyrevelferd. Dei Mattilsynet har sjekka har hatt avvik tidlegare. Vi må ikkje dømme heile næringa ut frå utvalet, men når tilsynet finn avvik hjå 102 av 152 undersøkte produsentar er det for mykje, seier Koht-Norbye.

- Det Mattilsynet har funne er uakseptabelt, seier Anne Mari Halsan, direktør i Opplysningskontoret for egg og kvitt kjøtt.

Mattilsynet kom med rapporten «Dyrevelferd i slakteproduksjonen» i går.

Ho legg til at ho er glad for at Mattilsynet tek tak i saka.

- Konsumet av kyllingkjøtt har auka kraftig i Noreg dei ti siste åra. Det er ikkje første gong det blir dokumentert alvorlege avvik med følgjer for dyrehelsa i norsk kyllingbransje, seier Halsan.

Les også: Forskere: - Kunstige høner kan gi mer miljøvennlig kyllingoppdrett

Ho er vil likevel ikkje gå med på å karakterisere kyllingbransjen som ein bransje som generelt tek lett på dyrevelferd.

- Dei aller fleste i bransjen driv på ein skikkeleg måte. Eg har ingen problem med å tilrå kylling. Norsk kylling er stort sett trygg og har god kvalitet.

Vil setje i verk tiltak

- Når vi ikkje er betre så er det bra at vi blir avkledd og får høve til å gjera noko med det. Men eg hadde trudd at det skulle vere noko betre, seier Bjørn-Ole Juuhl-Hansen, administrerande direktør i Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund.

Les også: Færre kyllingar døyr på vei til slakteriet

- Vi må sette i gang fleire tiltak for å forsterke anlegg i slakteri og transport. Produsentane er i godt gjenge. Vi må gjere meir med slakteri og transport, men vi har ingen raske løysingar.

Les fleire kommentarar frå Juuhl-Hansen i eavisa til Nationen for onsdag 8. februar. Ho kan kjøpast her.