Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norsk Bergindustri krev at Giske syter for fortgang for gruvedrifta

Sverre Steen
Publisert: 19.03.12 17:40

Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif) og Direktoratet for naturforvaltning (DN) la måndag fram sine anbefalingar om gruveplanane ved Førdefjorden. Dei to direktorata er einige om at det trengs meir kunnskap før søknaden vert avgjort. Føre var

- Mykje er godt utgreidd, men på nokre område bør kunnskapen supplerast. I ei så stor, viktig og langsiktig sak, med sterke motstridande interesser og fagleg ueinigheit, bør føre var-prinsippet verte lagt til grunn og usikkerheita reduserast mest mogleg, seier Ellen Hambro, direktør for Klif.

Klif rår til at det vert gjort målingar av strøymingane i fjorden over eit heilt år. No er det opp til regjeringa å ta ei avgjerd. Der skal både Fiskeridepartementet og Næringsdepartementet seie sitt, men det er miljøvernminister Erik Solheim som har ansvaret for saka.

Les også: Bondelaget trur på spanande mineralframtid for grunneigarane

Tidlegare har mellom anna Havforskningsinstituttet, Fiskeridirektoratet og organisasjonen Norske lakseelver sagt nei til planane om sjødeponi i Førdefjorden.

Norsk Bergindustri er lite begeistra for at Klif ikkje tek endeleg stilling til spørsmålet om gruvedeponi.

- Mitt inntrykk er at dei trår vatnet, fordi dei ikkje har tort å ta ei avgjerd, seier generalsekretær Elisabeth Gammelsæter.

Ho ber næringsminister Trond Giske (Ap) setje handling bak orda om ei norsk mineralsatsing.

- Næringsdepartementet skal verte høyrd i saka. Då må Giske sørgje for at stemma hans vert høyrd. Han må vise at det er handling bak intensjonane om mineralsatsinga som han har snakka om, seier Gammelsæter.

Les også: Støre ser framtiden i malm og gruver

Ho seier at bergindustrien ønskjer å fylle samfunnet sitt behov for mineralar, men at næringa må få rammer som gjer det mogleg. Har stor forståing

Sjefen i Nordic Mining, Ivar Fossum, var fatta etter at direktorata la fram sine vurderingar.

- Når Klif i sin rapport konkluderer med at sjødeponi er det beste, vurdert ut frå andre alternativ, så er det positivt, seier Fossum.

Les også: Giske avviser Senterpartiets «Gruve-Statoil»

Han legg til at han har stor forståing for at myndigheitene vil ha ytterlegare undersøkingar.

- Vi vil gå i ein konstruktiv dialog med myndigheitene for å sjå korleis vi kan redusere dei miljøusikkerheitene som er påpeikt, men samstundes ivareta behovet for framdrift i prosjektet, seier Fossum.

Anne-Line Thingnes Førsund i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe var til stades på pressekonferansen. Ho takka direktorata for det ho omtalte som kloke avgjerder. Det kan du lese meir om i eavisa til Nationen for tysdag 20. mars. Ho kan kjøpast her.