Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

NorgesGruppen fryktar for 500 lokalbutikkar

Hilde Lysengen Havro
Publisert: 30.03.11 20:21

På sin nest siste dag som konsernsjef i NorgesGruppen kjem Sverre Leiro med ei kraftsalve mot Senterpartiet. Landsmøtet i regjeringspartiet gjekk førre helg inn for at daglegvarekjedene bør splittast opp i juridiske og økonomiske einingar, og seljast ut .

- 500 av våre butikkar i distriktet kan bli lagt ned om Sp får det som dei vil, seier Leiro.

BI-professor Arne Nygaard har ikkje tru på at 500 butikkar blir lagt ned om kjedene blir splitta opp i større einingar.

- Det er ikkje berre drift gjennom NorgesGruppen som kan sikre butikkar i distrikta, seier Nygaard.

Sp-nestleiar Trygve Slagsvold Vedum lovar at Matkjedeutvalets tiltak ikkje skal gå utover tilbodet i distrikta.

Har like innkjøpsvilkår

Årsaka til Leiros frykt er at butikkane i NorgesGruppen har like innkjøpsvilkår uavhengig av geografisk plassering, noko Leiro meiner kjem distriktsbutikkane til gode.

- Felles innkjøpssamarbeid og intern fraktutjamning gir små butikkar i distrikta betre vilkår enn dei ville fått åleine. Denne geografiske prisutjamninga er ein viktig del av NorgesGruppen sitt samfunnsansvar, seier Leiro.

NorgesGruppen har i dag 700 butikkar som er såkalla sistebutikkar, altså lokalbutikkar som er den einaste butikken på staden. Sistebutikkane har ein omsetnad på 5,5 milliardar, som er om lag 10 prosent av den totale omsetnaden i NorgesGruppen på 56 milliardar (2009).

God distriktspolitikk?

Leiro meiner det er ein ny politisk utvikling i Sp om partiet ynskjer å utradere lokalsamfunna i Noreg.

- I så fall er dette eit av dei beste grepa partiet kan gjera. Blir innkjøpsvilkåra i NorgesGruppen splitta opp vil butikkane gå med underskot og leggjast ned, seier Leiro.

Han meiner ei gjennomføring av Sp-vedtaket vil ta frå kjedene det samfunnsansvaret dei har for å oppretthalde butikkar i distrikta.

- Er det i samsvar med Senterpartiet sin distriktspolitikk at lokalsamfunna i distriktet mistar nærbutikken sin, spør Sverre Leiro.

Han meiner vedtaket minner om ei avgjerd om er teken utan at det er kunnskap nok i verkelegheita. Butikkane er alt i dag organiserte som sjølvstendige juridiske og økonomiske einingar, men Sp ynskjer i tillegg at desse skal seljast ut. Korleis dette skal skje har ikkje partiet vore konkrete på.

Avgrensing av eigarskap

Nestleiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, meiner ei avgrensing av eigarskap er eit verkemiddel som også kan nyttast innanfor daglegvarebransjen.

- Staten har sett ei grense for kor stor eigardel ein kan ha både innanfor lakseoppdrettsnæringa og mediebransjen. Det er difor ikkje eit ukjend verkemiddel i dag, seier Vedum.

Sp-politikaren meiner det ikkje er bra at nokre få kjeder får for stor makt, og ventar spent på kva tiltak Matkjedeutvalet foreslår i rapporten sin som kjem 13. april.

- Sp er opptekne av å sikre breidde og mangfald av varer i heile landet, seier Vedum.

Uheldig konsentrasjon

- At liten konkurranse er bra for distrikta er eit vikarierande argument, seier professor Arne Nygaard ved Institutt for markedsføring ved Handelshøyskolen BI.

Nygaard meiner det er uheldig med den sterke marknadskonsentrasjon ein ser innanfor daglegvarehandelen i Noreg.

- Fire aktørar avgjer pris og utval. Det motiverer ikkje til auka entreprenørskap og innovasjon, men bidreg til høgare prisar, seier Nygaard.