Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nordmenn kjøper nest mest EU-mat

Bjarne Bekkeheien Aase
Publisert: 19.02.12 17:46

Kvar nordmann kjøpte i fjor mat importert frå EU for 5000 kroner i snitt. Det plasserer Norge i verdstoppen, berre slått av Sveits. Veksten i landbruksimporten frå EU er så stor at Norge snart tronar åleine på importtoppen.

Les også: Industrien er uroa over kraftig auke i matimporten

Ønsker mindre EU-mat til Norge


- Norge er heilt i toppsjiktet blant landa med størst vekst i importen frå EU. Importveksten er større her enn i Sveits. Om nokre år passerer vi Sveits på importtoppen. Då er vi EUs beste matkundar, seier ambassaderåd for landbruk ved EU-delegasjonen i Brussel, Bjørn Eidem.


Matimporten meir enn dobla
Sidan 1999 er importen av landbruksvarer frå EU meir enn dobla. Det viser tala Eidem la fram på EU-seminaret til Landbrukets Utredningskontor (LU) fredag. Veksten i importen frå EU har vore på 139 prosent på litt over 10 år.


I 2010 var importveksten på 13 prosent. Samla vart det importert landbruksvarer frå EU for 23,7 milliardar kroner i 2010. Det utgjer over to tredelar av den samla importen av landbruksvarer.


- Sett frå EU er Norge ein betydeleg handelspartnar og ein lukrativ marknad. Mange EU-land satsar offensivt på å auke eksporten av mat. Marknaden i Norge er langt frå ubetydeleg, seier Eidem.

Norge den nest største importøren av landbruksvarer frå EU målt per innbyggjar, berre slått av Sveits.


EU er storeksportør av foredla landbruksvarer og Norge tar unna 3,3 prosent av den samla landbrukseksporten frå EU. Veksten på delen som går til Norge er på 32 prosent sidan 1999.


- Opnar importvernet
Frå nyttår auka dei tollfrie importkvotane med 2700 tonn ost og 2300 tonn kjøtt etter forhandlingar med EU. Eidem karakteriserer det som ei "stor gåvepakke til Danmark og Sverige". Han seier at den norske marknaden for landbruksvarer blir opna for gradvis meir import.
- Farten på opninga av den norske marknaden er ganske stor, sa han.


Prosjektleiar Torbjørn Tufte i Landbrukets Utredningskontor (LU) gav nyleg ut rapporten "Tollvernet forvitrar". Han legg ikkje skjul på at det er ein stor utfordring for norske bønder når heimemarknaden krympar og importen tek veksten.


- Det føregår ei politisk styrt opning av tollvernet mot ein av dei største mateksportørane i verda. Det set norsk landbrukspolitikk under eit formidabelt press, sa Tufte.


- Dumpingprisar frå EU
Generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag liker dårleg at landbruksimporten er meir enn dobla på ti år.


- Når løk blir importert for 25 øre pr kilo er det nærliggjande å kalle det dumpingpris. Slangeagurk frå Spania til 2,75 kr kiloen er ikkje i nærleiken av å gi ei leveleg inntekt i Norge. Spanske bankar har tatt over jordbruket i Spania og dei nyttar arbeidarar frå Nord-Afrika. Det er eit varsku, sa han.


Skorge seier regjeringa må følgje opp løfta og nytte handlingsrommet til å skjerpe tollvernet.


- Vi betalar ikkje for styrka tollvern i jordbruksoppgjeret eitt år til, sa han.