Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Navarsete og Hareide er svakast på å bruke sosiale medium

Eva Aalberg Undheim
Publisert: 13.01.12 18:36

Høgre og Sp er partia som gjer det dårlegast, og Liv Signe Navarsete (Sp) og Knut Arild Hareide (KrF) er partileiarane som er mest bakpå i bruken av sosiale medium.

Det konkluderer valanalytikar Svein Tore Marthinsen og BI-lektor Cecilie Staude, som har analysert den sosiale mediebruken til stortingspartia og partileiarane deira.

- Eit spørsmål om tid

Hareide seier aktivitetsnivået sosiale medium er eit spørsmål om tid, og vedgår at han generelt skulle hatt meir tid til å følgje opp.

Les også: Facebook-grunder sverger til selvslaktet mat

Også Navarsete er klar på at både ho og Sp har mykje å gå på når det gjeld aktivitet på sosiale medium, og seier det er noko det skal jobbast meir med framover.

Nationen er òg på sosiale medium: Nationen på Facebook - Nationen på Twitter

Arbeidarpartiet på si side har jobba målretta med sosiale medium i fleire år, ifølgje kommunikasjonssjef Pia Gulbrandsen.

Partileiar Jens Stoltenberg kallar toppnoteringa for Ap og han sjølv svært hyggeleg, og seier sosiale medium gjer at han får innspel frå langt fleire enn før.

Les også: Lite bruk av sosiale medier i valgkampen

Tek føre seg dei sju partia på Stortinget og deira partileiarars bruk av sosiale medium som Twitter, Facebook og blogg.

Sosiale medium er også ein prioritert kanal for Venstre.

- For eigen del synest eg jobben er mykje meir morosam når eg får spontane tilbakemeldingar. For Venstre er kanalen viktige fordi det er ein måte å kommunisere på som ikkje krev mykje pengar, seier leiar Trine Skei Grande.

-Må nytte alle kanalar

Høgre-leiar Erna Solberg, som sjølv er svært aktiv på Twitter, trur botnplasseringa partiet får i undersøkinga har å gjere med utskifting og mellombels underbemanning blant dei som jobba med sosiale medium i partiet.

- Vi har tidlegare vorte kåra til det beste partiet på sosiale medium, seier Solberg.

Les også: Bønder tjente 50 millioner kroner på Facebook

Kommunikasjonssjef Torvild Sveen i Sp trur ikkje Sp-veljarar er mindre på sosiale medium enn andre, og synest ikkje det finst gode argument for ikkje å vere meir aktiv.

- Eit politisk parti må ta i bruk alle kommunikasjonskanalar som er tilgjengeleg, og sosiale medium er ei prioritert oppgåve for oss i 2012, seier han.

Valforskar Toril Aalberg er ikkje overtydd om at det å vere aktiv på sosiale medium er avgjerande for oppslutninga om politikarane. Les meir om det og meir i eavisa til Nationen for laurdag 14. januar. Ho kan kjøpast her.