Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mattilsynet meiner dvergbendelorm frå rev kan finnast i Noreg om ti år

Publisert: 15.02.12 17:13

Det går fram av ei risikovurdering gjort av Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM).

Les også: Fortsetter jakta etter dødsparasitt

Dvergbendelorm er ein parasitt som kan smitte frå dyr til menneske. Han er ufarleg for dyr, men kan føre til svært alvorleg sjukdom hos menneske og kan i verste fall vere dødeleg.

Sjukdomen er likevel sjeldan hos menneske, opplyser Mattilsynet. Sjukdomen vart for første gong påvist på rev i Sverige i desember 2010 og er utbredt i mange område i Europa. Førekomsten er aukande, samtidig som sjukdomen spreier seg til nye område.

Kan spreie seg med dyr
Vitskapskomiteen for mattryggleik meiner at dvergbendelorm mest truleg kan bli importert med dyr som kryssar grensa mellom Noreg og Sverige. Reising med kjæledyr kan òg vere ei kjelde til smitte.

Les også: Ikke mer penger til å bekjempe dødsparasitt

- Det mest førebyggjande tiltaket mot denne alvorlege sjukdommen er at alle som skal reise med hund og katt behandlar dyra før reisa. Slik behandling er lovpålagt, seier Solfrid Åmdal, som er seksjonssjef i Mattilsynet.

Alle hundar og kattar som kjem til landet skal difor vere behandla mot dvergbendelorm frå rev. Det vert vist til at behandlinga er enkel og består av ein ormekur, som ein får reseptfritt på apoteket og som dyreeigaren sjølv kan gi.

Dyreeigarar som tek med hund og katt frå Sverige, må kunne dokumentere at dyret er behandla på eit eigenerklæringsskjema, medan for dyr som kjem til Noreg frå alle andre land gjeld det at behandlinga må vere attestert av veterinær i eit kjæledyrpass eller ein veterinærattest.

Kravet gjeld ikkje for hundar som kjem direkte frå Finland.

Norske tradisjonar aukar risikoen
Dvergbendelorm frå rev lever som parasitt i tarmen til rovdyr og produserer egg, som blir skilt ut med avføringa til vertsdyret. Smitten kan eventuelt òg bli overført via forureina drikkevatn og mat som frukt og grønsaker, eller via infiserte dyr som hundar og rev.

VKM ser det likevel som usannsynleg at dvergbendelorm kan bli importert med forureina produkt som bær, frukt og sopp. Likevel meiner VMK den norske befolkninga kan vere utsett for større smittepress enn i andre europeiske land på grunn av tradisjonar for jakt, bærplukking og andre utandørs aktivitetar.

- Dette viser kor viktig det er at reisande med kjæledyr behandlar mot sjukdommen før reise slik at dei gjer det dei kan for å forhindre at sjukdommen blir innført til Noreg, seier Åmdal. (©NPK)