Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matkjedene vil distribuere meir

Hilde Lysengen Havro
Publisert: 05.03.12 09:55

Allekjedene har eigendistribusjon.
Kva målsetjingar kjedene har for distribusjonen varierer frå kjede til kjede.
- Coop har om lag 65 prosent eigendistribusjon. Ambisjonen vår er at opp mot 100 prosent av varene skal gå gjennom Coops distribusjon, seier pressesjef i Coop, Kristin Paus.

- Det er enklare og billegare for oss, men ei forenkling av systemet meiner me også er billegare for verdikjeda sett under eitt. I tillegg er det betre for miljøet, av di det blir færre bilar på vegane.
Ho seier årsaka til dette er at Coop kan fylle opp bilane med varer som skal ut til butikkane, og kan også kombinere dette verd å hente varer hjå lokale leverandørar som Coop tek med attende til sine lager.

Rema Distribusjon vart skilt ut som dotterselskap i Rema 1000 i 2010, og er 100 prosent eigd av matvaregiganten. I tillegg distribuerer det Rema-eigde Engrospartner til servicehandelen. Dagleg leiar i Rema Distribusjon, Morten Gabrielsen, seier Rema ikkje har konkrete målsetjingar, men at selskapet er positive til å auke eigendistribusjonen av varer.

- Ja, om det er smart og om det gir betre konkurransekraft. Men me er ikkje grossist eller logistikkbedrift. Føremålet vårt er å bidra til å drifte gode butikkar, og gjer det me skal for at butikkane kan vekse, seier Gabrielsen.
Om lag 60 prosent av vareomsetninga til Rema 1000-butikkane blir distribuert av Rema Distribusjon, og Gabrielsen seier talet har auka jamt og trutt dei seinare åra.

ICA har ein distribusjonsgrad på 65 prosent, og har vore utan store endringar dei siste fem åra, opplyser kommunikasjonsrådgivar i ICA, Lise Mette Kjellberg, på ein e-post.

- Målsetjingane våre er at ICA skal ta over det som er lønsamt for oss å distribuere. Om ein direkteleverandør er meir effektiv og billegare enn oss, skal me ikkje ta varene over til eigen distribusjon, skriv Kjellberg.