Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mangel på smør etter sterk salsvekst

Bjarne Bekkeheien Aase
Publisert: 25.10.11 11:43

Etter sterk etterspørsels- og salsvekst er mange butikkar på Vestlandet i ferd med å gå tome for smør, melder Bergens Tidende.

- Klarer ikkje levere nok

- Det er tomt hos meieriet og grossisten. Dei klarer ikkje lage nok. Marknaden ser ut til å vere umetteleg, seier kjøpmann Jostein Rolland på Joker Sandviken i Bergen til avisa.

Butikken har fått brev om at dei ikkje kan rekne med påfyll før i veke 48.

Tine merkar endra forbruksvaner

Tine stadfestar at det er mangel på fleire meierivarer.

- Det er rett at vi for tida har litt knapt med mjølkefeitt til matlagingsprodukt som smør, rømme og creme fraiche på Vestlandet, seier kommunikasjonsrådgjevar Øystein Knoph i Tine.

Han seier at Tine merkar auke i salet av særleg matlagingsprodukt som smør, fløyte og kremfløyte, og at det blir selt meir av margarin mot ekte smør.

Lågkarbodietten

Rolland trur vridinga av forbruket har samanheng med den mykje omtalte lågkarbodietten.

- Nå vil folk ha ekte smør, seier han.

Bremykt blir omtalt som "godkjent feitt", ifølgje nettstaden elskmat.no, med 70 prosent smør og 30 prosent rapsolje.

Bremykt-fanside

Smør-varianten som blir laga av Tine har også fått ei eiga fangruppe på Facebook som heiter "Vi som liker Bremykt!".

Der går det også fram at det er tomt for smør også i andre område av landet.

Opplever det same som Sverige

Tidlegare i haust kunne Nationen.no melde at det også er mangel på smør og fløyte i Sverige, som blei redda av mjølkeleveransar frå Finland.