Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lysbakken og Holmås meiner raudgrøn klimakrangel er bra for SV

Eva Aalberg Undheim
Publisert: 11.11.11 21:02

- Det er viktig at dei faktiske motsetnadene som finst mellom regjeringspartia kjem fram. Då vert det tydelegare for folk kva skil SV gjer i regjering, og det gjev oss høve til å mobilisere, seier Audun Lysbakken.

- Alle partia på Stortinget, med unntak av Frp, har gjeve regjeringa marsjordre om og ein plan for korleis vi skal redusere utsleppet av CO2. Det er ei viktig sak for oss, og det skal vi klare, seier Heikki Holmås.

- SV må få gjennomslag
I dag innleier dei to leiarkandidatane på ein SV-konferanse om korleis partiet skal attreisast.

Konferansen er initiert av grasrota i partiet, som har sett spørsmålet om kor lenge SV skal sitje i regjering som eige punkt på programmet.

Lysbakken og Holmås har begge klare prioriteringar for korleis dei vil løfte det kriseramma partiet framover, og å gå ut av regjering er ikkje blant dei.

- Eg er viss på at regjeringa held til 2013, og planen er å halde lenger enn det også, seier Holmås.

Lysbakken trur også regjeringa held, men understrekar at det føreset at partia vert samde om dei viktige vegvala framover.

Les også: Lysbakken og Holmås: - SV må bygge troverdighet

- Eg ser ingen grunn til at vi ikkje skal klare det, men vi kjem til å vurdere regjeringssamarbeidet framover på same måte som vi har gjort tidlegare. Det er ved å sjå om vi får tilstrekkeleg politisk gjennomslag for sakene våre, seier han.

Avviser ikkje regjeringsbrot

Den siste veka har SV rykkja ut mot både oljesandutspel frå Sp-nestleiar og olje- og energiminister Ola Borten Moe og mot det Ap-leidde Finansdepartementet sine signal om å gå frå lovnadene i Stortingets klimaforlik.

I går sa også Ap-statssekretær Per Rune Henriksen i Olje- og energidepartementet at det er dyrt og dumt å ta to tredjedelar av CO2-utsleppskutta innalands, slik klimaforliket legg opp til.

Les også: Borten Moes oljesandutspel spreiar harme blant SV-arar

Ifølgje VG seier anonyme kjelder sentralt i SV at partiet må gå frå regjering om det ikkje får viljen om CO2-kutt når Klimameldinga skal leggjast fram neste år.

Lysbakken vil ikkje spekulere i utfallet, men understrekar at meldinga er viktig for SV.

- Eg meiner i utgangspunktet det er utenkjeleg for ei raudgrøn regjering å ikkje ha ei ambisiøs oppfølging av klimaforliket. Eg ser ikkje grunn til å spekulere i kva vi gjer om det ikkje skjer, men alle skjønar at det er ei viktig sak for oss, seier han.

- Kjenner de dykk pressa av signala frå Ap og Sp?

- Vi er tydelege på kva vi ønskjer å oppnå, og då kan vi ikkje krevje anna enn at dei er ærlege dei også. Eg uroar meg ikkje. Vi skal jobbe knallhardt for å få vårt syn gjennom, seier Lysbakken.

Skal syte for resultat
Ifølgje Heikki Holmås vert det heilt avgjerande for SV å kutte meir CO2 innalands.

- Vi er nøydde til å syte for konkrete resultat i regjeringa i saker vi seier er dei viktigaste for oss. Ingen festar lit til oss om vi ikkje greier det. Vi klarte å få det til i barnehagesaka, og vi skal klare det i klimasaka, seier Holmås.

Klima er saka SV tydelegast kan markere seg på både i og utanfor regjering, meiner valforskar Anders Todal Jensen. Klimaorganisasjonen Zero seier SV dreg regjeringa rett veg. Dette kan du lese meir om i eavisa til Nationen 12. november, som kan kjøpast her.