Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lundteigen skal tale eiga regjering midt imot om landbruksmeldinga

Eva Aalberg Undheim
Publisert: 02.12.11 18:53

- Auka matvaretryggleik er den viktigaste jobben for norsk jordbruk. På det avgjerande punktet er det ein grunnleggjande feil i stortingsmeldinga, seier Per Olaf Lundteigen i Senterpartiet.

Han syner til at aukande korn- og soyaimport til husdyra i praksis reduserer norsk matvaretryggleik, medan det ut frå definisjonen i Landbruksmeldinga ikkje har noko som helst å seie.

Les også: Vil fjerne produksjonskravet og opne for støtte til beitepussing i Landbruksmeldinga

Les også: Regjeringa lovar bøndene minst same inntektsutvikling som andre grupper

Varslar motstand

Lundteigen, som sit i Finanskomiteen på Stortinget, varslar motstand når Landbruksmeldinga skal diskuterast.

- No har regjeringa lagt meldinga fram for Stortinget for handsaming. Eg er privilegert fordi eg kan bruke Stortingets talarstol og framføre dei naudsynte synspunkta og delta i debatten slik at stortingsrepresentantane vil måtte ta stilling til om auka matvaretryggleik er poenget med meldinga eller ikkje, seier han.

- Ikkje forpliktande mål

I Landbruksmeldinga seier regjeringa at det skal leggjast til rette for auka produksjon av jordbruksvarer slik at sjølvforsyningsgrada kan oppretthaldast om lag på dagens nivå, men det vert ikkje sett krav om at matproduksjonen skal baserast på norske ressursar.

Les også: Nilf-direktør antydar 3,5 mrd for å oppretthalde sjølvforsyning

- Det står likevel at det skal leggjast vekt på bruk av nasjonale ressursar som grovfôr og beite?

- Det er ikkje ei forpliktande målsetjing. Det er slik det har vore dei siste ti åra, og det er billegare å bruke kraftfôr enn gras i mjølkeproduksjonen, seier Lundteigen.

Les også: Landbrukssamvirket mener landbruksmeldinga er ambisiøs

Les også: Bygdeungdomslaget mener landbruksmeldinga er bra

Les også: KLF: - Regjeringa tør ikke drøfte markedsregulering og samvirke