Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

KrF-leiar Knut Arild Hareide meiner euroen har skuld for krisa

KrF-leiar Knut Arild Hareide fekk ståande applaus då han talte til Nei til EU sitt landsmøte fredag kveld.

I talen sin gav KrF-leiaren EUs felles valuta euroen skulda for at EU slit så tungt med å handtere den økonomiske krisa som herjar Europa.

Les også: Ørebech: - Toll avgjer ikkje norsk fiskeeksport

- I den krisesituasjonen Europa er i no har EU gjennom euroen teke frå medlemsstatane eit av dei viktigaste verkemidla dei har for å drive økonomisk politikk, nemleg den eigne valutaen, sa Hareide.

KrF seier nei

Hareide ønskjer sjølv norsk medlemskap i EU, men han forsikra i sin tale til Nei til EUs landsmøte om at KrF framleis er eit nei-parti.

- KrF trur framleis på eit tydeleg nei-standpunkt. Det står fast. KrF er sterke i trua, sa Hareide.

Annonse

Les også: Ekspertar meiner tida er inne for å seie opp EØS-avtalen

KrF-leiaren hausta elles stor applaus då han fortalde landsmøtet at kvinna han er forlova med er motstandar av norsk EU-medlemskap.

Ønskjer EØS-debatt

Hareide gjentok sitt standpunkt om at Noreg ikkje må vere redd for å leggje ned veto mot upopulære EU-direktiv.

- Legitimiteten til EØS-avtalen blir svekka når vi takkar ja til så mange direktiv som vi eigentleg ikkje ønskjer å innføre, sa Hareide. Han trekte særleg fram EUs tv-direktiv som kan føre til at det vil bli vist alkoholreklame på norske tv-skjermar, som eksempel på eit direktiv der han ønskjer at Noreg skal leggje ned veto.

Les også: Nok en gang: Rekordlav oppslutning om EU i meningsmåling

- Vi i KrF seier ikkje nei til debatt om EØS-avtalen. For oss er det viktig å bruke heile avtalen, også vetoretten, sa Hareide.

Neste artikkel

Ta vare på mangfoldet