Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Krev rassikring på offentleg veg innan 2030

Publisert: 01.02.11 11:24

- Alle offentlege vegar bør vere sikra mot ras innan 2030. Det meiner Nasjonal rassikringsgruppe, som arrangerer ein rassikringskonferanse i Oslo 8. februar.


Programmet er breitt samansett, og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa innleier om regjeringa sitt arbeid for rassikring.

NVE har fått det nasjonale ansvaret med å byggje opp ein skredetat i Noreg, og direktør Anne Britt Leifseth vil fortelje om dette arbeidet og kva utfordringar ho ser i tida framover.

Skredekspertar frå dei fremste miljøa i Sveits og Austerrike kjem også for å gje ei innføring i arbeidet deira med varsling- og sikringsmetodar, sonekart og utdanningssystem.

Representantar frå Statens vegvesen er med på konferansen for å fortelje om rassikringsarbeidet her i landet.

Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Oddvar Flæte, som leia Klimatilpasningsutvalget, vil innleie om sårbarheit og tilpassingsbehov som følgje av klimaendringar.

Publikum og deltakarar på konferansen får også høyre om korleis menneske som lever med konstant rasfare, organiserer kvardagen sin. (©NPK)