Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kraftig nedgang for korn

Bjarne Bekkeheien Aase
Publisert: 24.01.11 18:16

I dag møter fleire hundre personar på den årlege kornkonferansen i Oslo for å diskutere korn- og kraftfôrpolitikk. Bakteppet for konferansen er langt frå lystig sett med kornbønders auge.

På ti år har det samla kornarealet her i landet gått tilbake med over 235.000 dekar, noko som utgjer over sju prosent. I fjor var nedgangen åleine på over 26.000 dekar, noko som like mykje som arealet til 3800 fullskala fotballbanar.


Mista 24 millionar brød

Dersom det vart dyrka matkveite på heile arealet som forsvann i fjor, så utgjer arealnedgangen eit tapt produksjonspotensial på svimlande 24 millionar brød i året. Nedgangen dei ti siste åra utgjer eit tapt potensial på over 200 millionar brød i året, basert på at ein dekar kan gi 500 kilo kveite.

Norske Felleskjøp, som er marknadsregulator for korn, liker dårleg den kraftige nedgangen.

- I eit sjølvforsyningsperspektiv er det svært uheldig for Norge at kornarealet går ned. Vi er bekymra over utviklinga, og nedgangen ser ikkje ut til å stoppe, seier fagsjef Sindre Flø, som har ansvar for marknadsregulering i Norske Felleskjøp.


Byvekst og svak økonomi

Flø meiner det er to hovudårsaker til arealnedgangen. Den eine er at stadig meir av kornjorda, som ofte ligg rundt byar og tettstader, blir bygd ned og lagt under asfalt og betong. Den andre hovudårsaka er truleg at marginale og tungdrivne areal i randsonene blir tatt ut av drift, og der spelar økonomi ei viktig rolle.

- Klarer ein ta att nedgangen gjennom større avlingar på det attverande arealet?

- Nei, dei siste ti åra har produktiviteten vore omtrent uforandra. Grøfteaktiviteten, som er viktig for å halde ein god jordkvalitet over tid, er for låg. Det er eitt av fleire symptom på at landbruket tærer på kapitalen. Usikre utsikter og svak økonomi bidreg til at bonden unnlet å ta store kostnader, seier Flø.

Svein Stubberud, leiar i kornutvalet til Norges Bondelag, er bekymra.

- Når behovet for mat veks kraftig i verda, er det nesten moralsk forkasteleg at vi ikkje tar oss råd til å dyrke maten vi treng. Utviklinga gir grunn til bekymring både for kornbønder og husdyrbønder, for mindre korn gjer også at meir av ingrediensane i kraftfôret til husdyra må importerast, seier Stubberud, som peiker på at økonomien til kornbonden heng tett i saman med økonomien til husdyrbøndene, som er kjøpar av mykje korn.

Meir kraftfôr, mindre til kyr

Parallelt med at kornarealet har gått ned, har forbruket av kraftfôr gått opp. Rykande ferske tal frå Statens landbruksforvaltning (SLF) viser at det i fjor blei selt 1,8 millionar tonn kraftfôr. Det er mindre enn i toppåret 2008, men 125.000 tonn (sju prosent) meir enn for sju år sidan.

Auken i kraftfôrforbruket kjem eine og åleine av auka produksjon av svin og fjørfe. Fjørfe stod åleine for over 94.000 tonn av auken sidan 2004, medan svin auka med over 36.000 tonn. For kyr og andre drøvtryggarar har kraftfôrforbruket gått tilbake med over 6000 tonn samla dei siste sju åra.

Den norskproduserte delen i kraftfôret har truleg gått litt ned over tid, men svingar kraftig etter avlingane. Tala for 2010 er ikkje klar, men ifølgje SLF var norskandelen på 82 prosent i 2009. Dei føregåande åra var norskandelen lågare. Norske Felleskjøp opererer derimot med 64 prosent norskandel i 2009, mest fordi soyabønnene som blir til soyamjøl i fôret ikkje er dyrka her i landet.