Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kornprisen var tre gonger høgare for 50 år sidan

På Bioforskkonferansen la departementsråd Leif Forsell i Landbruks- og matdepartementet fram ein del tankar og syn på norsk landbrukspolitikk.

- Fungerer tilnærma optimalt

Kanaliseringspolitikken, som enkelt sagt går ut på å dyrke korn på flatbygdene på Austlandet og grovfôrbasert produksjon i fjell og fjord-strøk, sa han framleis fungerer bortimot optimalt med tanke på å oppnå størst mogleg produksjon ut av tilgjengelege jordbruksareal.

- Kanaliseringspolitikken vart etablert for å få størst mogleg produksjon ut av tilgjengelege areal. Min påstand er at produksjonsfordelinga fungerer tilnærma optimalt òg i dag. Også viss målet er å auke matproduksjonen, sa Forsell til forsamlinga.

Eit verkemiddel for å gjennomføre kanaliseringspolitikken var ifølgje Forsell å ha ein relativt høg kornpris.

Kornprisen kraftig redusert

Forsell la fram ein graf som viser at kornprisen på slutten av 50-talet og på 60-talet låg på rundt 9 kroner pr kilo målt i 2012-kroner.

Frå 70-talet og utover har derimot kornprisen målt i faste kroner falle kraftig.

Annonse

I dag ligg prisen på rundt tredjedelen av nivået for femti år sidan.

- Tunge trendar styrer forbruket

Forsell la også fram grafer som viste store forbruksendringar, blant anna med sterk auke i forbruket av fjørfekjøtt.

- Enkelte spør seg om det er resultat av landbrukspolitikken. Mitt svar er at endringane kjem av andre tunge trendar, sa Forsell.

Departementsråden viste til at forbruket av saue- og lammekjøtt har lege relativt stabilt i Norge trass i at prisnivået på lammekjøtt er omtrent likt her i landet, som i andre land.

Det i motsetning til dei fleste andre kjøttprodukt der prisane er høgare her i landet.

Neste artikkel

Byr under halv pris for kjent vikinggård