Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Knut Arild Hareide glad for landbruksstøtte

Sverre Steen
Publisert: 11.04.12 16:27

KrF fann aldri saman med dei raudgrøne om eit forlik for landbruksmeldinga.

Tysdag las KrF-leiar Knut Arild Hareide om opprør i Senterpartiet, der partiet sine stortingsrepresentantar mellom anna vert bedd om å røyste med KrF når meldinga vert avgjort i Stortinget.

Ifølgje Hareide er opprøret eit uttrykk for landbruksengasjementet som er i sentrum av norsk politikk. Hareide seier han set pris på støtta til endringane i landbruksmeldinga.

- Sjølv om ho kjem seint er det betre enn ingen støtte. Det er aldri for seint før vedtaket er fatta i Stortinget.

Les også: Liv Signe Navarsete seier opprøret mot landbruksmeldinga vil skade norske bønder

Hareide seier at KrF skal løfte fram partiet sine forslag til landbruksmeldinga. Han ville heller ikkje vore framand for å røyste med nye Sp-forslag, dersom dei er i tråd med KrF sine ønske for landbrukspolitikken.

- Mitt vonbrot i høve landbruksmeldinga har ikkje handla om Senterpartiet, men Arbeiderpartiet. Dei var ikkje villige til å strekkje seg for å få eit forlik med KrF, seier Hareide.

Les også: Sps Nils Aarsæther orsakar at namnet hans er med på opprop mot landbruksmeldinga

Ifølgje KrF-leiaren hadde dei raudgrøne svært lite handlingsrom når meldinga først var komen til Stortinget.

På Sp sine heimesider vart det lagt ut ei melding om oppropet. Der er Bjarne Undheim, leiar i Rogaland Sp og tidlegare Bondelags-leiar, sitert på at han kan forstå at KrF slår politisk mynt på eit velregissert forhandlingsbrot, men ikkje at sentrale folk i norsk landbruk forsøker å ramme Sp. Den utsegna fell i dårleg jord hjå Hareide.

Les også: Ingen silkehansker i Sp - Nationens Kato Nykvist kommenterer

- Det er direkte feil at vi forsøker å slå politisk mynt på denne saka, seier han.

Hareide viser til at KrF var klare på at dersom dei fekk gjennomslag for ei inntektsformulering som var forpliktande, så var partiet villig til å verte med på eit forlik.

- Vi går for politisk gjennomslag i sakene. Det Undheim bør vere oppteken av, er kva som er best for næringa. Det er skuffande at han ikkje ser at KrF arbeider for nett det.

Les også: KrF meiner Brekk er uærleg om fordeling av midlar til landbruk

Les også: Grasrotopprør i Senterpartiet mot landbruksmeldinga

Les også: Brekk meiner regjeringa burde fått tillit frå KrF om landbruksmeldinga

Annonse
Annonse
Annonse