Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Knerten blir park

Publisert: 09.02.12 22:03

Temaparken skal stå klar i 2014 og vere på 40 mål.

Bak står skaparane av «Knerten»-filmane, familien Vestly og eigarane av Rosfjord Strandhotell. Om den komande parken heiter det at det blir ein heilskapleg kvalitetsattraksjon for barn, så vel som vaksne.

- Sørlandet har jo sterke tradisjonar for gode familieattraksjonar, seier Jo Vestly, ein av sønene til Knerten-skaparen Anne-Cath. Vestly.

I ei pressemelding seier han det blir spennande å følgje prosjektet. Anne-Cath. Vestly gav ut første bok ut om trepinnen og bestevennen hans, «Lillebror og Knerten», i 1962.

Sidan kom fem bøker til og to samlingar. I 2009 vart «Knerten» for første gong å sjå på filmlerretet, følgt av «Knerten gifter seg» (2010) og «Knerten i knipe» (2011). Til saman er filmane sett av over 1,1 millionar norske kinogjengarar, og selt til 30 land. (©NPK)