Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klif fann miljøbrotsverk hjå 70 av 80 norske matbedrifter

Sverre Steen
Publisert: 14.02.12 17:31

Tilsynsdirektør Bjørn Bjørnstad i Klima- og forurensingsdirektortatet (Klif) er alt anna enn imponert over funna i den første omfattande kontrollen av næringsmiddelindustrien sidan 1994.

Les også: Biodrivstoff tar over ein million mål matjord

- Det er skuffande i seg sjølv at næringa ikkje er betre enn kontrollen viser. Det er ekstra skuffande at dei store aktørane er like ille som dei små. Vi ventar at større verksemder med meir ressursar er betre til å følgje miljøkrava, seier Bjørnstad.

I fjor vår vart 80 næringsmiddelbedrifter i 13 fylke kontrollert av forureiningsmyndigheitene.

- Vik frå normalen

Ifølgje Bjørnstad er det fleire brot på regelverket på anlegg hjå dei store næringsmiddelaktørane Nortura, Tine, Hennig Olsen, Tine, Synnøve Finden, Grillstad, Stabburet og Findus.


Les også:
Grunneier anker forurensningsdom til Høyesterett

Bellona meiner at dei mange avvika hjå både store og små aktørar gjer at næringsmiddelindustrien vik frå normalen.

- Innan industrien har dei store normalt set større ressursar til miljøhandsaming og er betre på det enn små aktørar, seier Olaf Brastad, seniorrådgjevar innan industri og avfall.

Les også: Klif advarer mot lovforslag om miljøbompenger

Bjørnstad ber leiinga i næringsmiddelindustrien ta større ansvar for miljøkrava.

- Det er for dårleg merksemd kring miljøkrava i bedriftene og hjå leiinga i verksemdene. Er leiinga oppteken av det vil dei vere pådrivarar for å betre forholda, seier tilsynsdirektøren.


Kjenner ikkje innhaldet

Arbeidsgivarorganisasjonen NHO Mat og Landbruk kjenner ikkje innhaldet i tilsynsrapportane.

Sjå lista over dei kontrollerte bedriftene

Administrerande direktør Gaute Lenvik uttaler seg difor på generelt grunnlag.

- Når direktoratet seier at næringsmiddelindustrien ikkje er gode nok, er det noko som må følgjast opp både overfor bransjen generelt og den enkelte bedrift. Noko meir enn det kan eg ikkje seie før eg ser rapporten, seier Lenvik.

Les heile saka i e-avisa eller i papirutgåva onsdag 15. februar