Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kan få betalt for klimasmart beiting

Bjarne Bekkeheien Aase
Publisert: 05.10.11 14:37

FNs landbruks- og matorganisasjon (FAO) har saman med kinesiske ekspertar og World Agroforestry Centre utvikla ein ny, presis og enklare metode for å måle kor mykje karbon beitemarka tek opp.

Det skriv FAO på sine nettsider.

Metoden gjer det enklare å dokumentere samanhengen mellom berekraftig forvaltning av beiteareal og karbonopptak. Det opnar for at bønder i framtida kan få betaling for å stelle beita sine på ein mest mogleg klimasmart måte, skriv Landbruks- og matdepartmentet på sine heimesider.

CO2-fangst

Verdas gras- og beitemarker bind enorme mengder karbon, og blir derfor omtalt som særs viktige i klima-arbeidet.

Les også: Gras større karbonlager enn tre

- I klima-arbeidet er det med god grunn mykje fokus på regnskogen. Mindre kjent er det at verdas gras- og beitemarker også spelar ei avgjerande rolle i karbonhushaldet, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp).

Har størst potensial

Han viser til at FNs klimapanel har peika på auka karbonbinding i jord som det klimafeltet med størst potensial på verdsbasis.

- Dette er rimelege klimatiltak som samtidig er viktige for matforsyninga i framtida, seier Brekk.

Kan kople beitebruk og klimakvoter

Stell av beitemarka kan koplast til sal av klimakvoter, noko som kan opne for at fattige bønder får finansiert betre stell av jordbruksareala.

Les meir om karbonbinding i gras- og beitemark på FAOs nettsider.

- Dette er tiltak som har berre vinnarar, seier Brekk i pressemeldinga.

Søkjer om Kyoto-godkjenning

Målemetoden blir testa ut i Kina og FAO har samtidig søkt om å få metoden godkjend metode i tråd med kriteria i Kyoto-protokollens "grøne utviklingsmekanisme".