Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ja til jakt om natta

Den rådgivande gruppa til Direktoratet for naturforvaltning (DN) har ikkje vorte samde om ei felles innstilling, men fleirtalet meiner det framleis skal vere lov med nattjakt på hjort .

Bakgrunnen for utvalet er at fleire jegerar har vorte stemna for retten etter jakt i mørkret. Sjølv om politiet har meint at det har vore ulovleg, har jegerane vorte frikjend i retten. Sidan regelverket har vorte oppfatta så ulikt, sette DN ned eit utval i 2009 for å sjå nærare på saka.

Ikkje fare for brot på viltlova Fleirtalet i gruppa meiner det ikkje er grunnlag for å avgrense tilgangen til nattjakt.

- Det som finst av undersøkingar og dokumentasjon peiker mot at jaktforma ikkje medfører auka skadeskyting eller større fare for brot på viltlova, skriv fleirtalet i innstillinga som har kome. - Me håpar å få brei støtte for vår innstilling, seier Webjørn Svendsen i Norges Jeger- og Fiskerforbund til NRK.

Fleirtalet vil betre informasjonen til jegerane om kvar grensene går for human og sikker jakt. Difor vert det utarbeida ei rettleiing til jegerane i form av ein "Vêr Varsam-plakat".

Lov med kunstig lys Samstundes vil dei at bruk av lys på ettersøk skal vere lov. Arbeidsgruppa meiner forbod av kunstig lys mest sannsynleg forlengjer lidingane for skadd vilt, i staden for å korte dei.

DN meiner derimot at elgjegerane ikkje skal få nytte lys under ettersøk, om ikkje hjortejegerane får ei avgrensing i tilgangen til nattjakt.

Ikkje samd

Direktoratet for naturforvaltning sine representantar i utvalet er ikkje samde med fleirtalet.

Annonse

- Mindretalet er ikkje mot jakt under den mørke delen av døgnet, men meiner at tilhøva kan vere så krevjande at me treng regulering lik dei har i Sverige og Danmark, skriv mindretalet i innstillinga si.

- Det beste hadde vore om vi hadde blitt samde. Men når det er såpass prinsipielle skilnader, så må vi berre konstatere at det ikkje var mogleg å få til, seier Svendsen til NRK.

Dei vil likevel opne for måneskinsjakt, noko som ikkje er lov i nabolanda våre.

Dei som har vore med i arbeidsgruppa er Vidar Holthe ( Norges Skogeierforbund ), Webjørn Svendsen ( Norges Jeger- og Fiskerforbund ), Kjell Grødal ( Norsk Kennel Klubb ), Ulf Lucasen ( Fylkesmannen i Møre og Romsdal ), Kai Erik Tørdal ( Statens Naturoppsyn ), Arild Sørensen ( DN ) og Ingebrigt Stensaas (leiar) (DN).

Det har vore fire møte sidan oppstarten i mars 2009, men arbeidsgruppa har ikkje vorte samde, og av di vert det ei delt innstilling.

Les heile rapporten her

Neste artikkel

Støres nei til salg av Norge