Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høgre krev at regjeringa ryddar opp i rovdyr-usemje

Eva Aalberg Undheim
Publisert: 02.03.12 18:28

Lødemel skuldar regjeringa for dobbeltkommunikasjon om rovdyrforliket og krev opprydding.

Tidlegare denne veka skulda landbruksministar Lars Peder Brekk (Sp) miljøvernminister Erik Solheim (SV) for å bryte forliket.

Bakgrunnen er eit vedtak frå Miljøverndepartementet (MD) som reduserer dei tilrådde uttaka av gaupe frå lokale rovviltnemnder i tre rovviltregionar.

Brekk meiner vedtaket kan vere i strid med intensjonane i rovviltforliket om å gje meir makt til dei regionale nemndene.

- Når Brekk seier Solheim bryt forliket, er det svært dramatisk. Det er trass alt eit samla Storting som står bak forliket, så eg ventar at regjeringa ryddar opp i eigne rekkjer her, seier Lødemel.

Det har ikkje lukkast Nationen å få kommentarar frå Statsministerens kontor om saka.

Møter bøndene saman

Solheim seier til Nationen at han er i god dialog med Brekk og Landbruks- og matdepartementet (LMD) om saka.

- Vi både snakkar mykje med og lyttar mykje til LMD, fordi departementet har naturlege koblingar til rovdyrsaka. Eg opplever at dialogen med departementet er god, seier Solheim.

Kommunikasjonsavdelinga i MD opplyser at Brekk også skal vere til stades på det planlagte møtet mellom Solheim og bondeorganisasjonane, som også har ytra frustrasjon over oppfølginga av rovdyrforliket. Ifølgje MD er møtedatoen lagt fyrst til 19. mars, for at det også skal passe for Brekk.

- Senterungdommen gjekk førre veke hardt ut mot SV og Miljøverndepartementet (MD), som dei mellom anna skuldar for å trenere gjennomføringa av rovviltforliket frå 2011.

Brekk stadfestar at han er i dialog med Solheim. Han gjer det likevel klart at han ser alvorleg på kvoteendringane.

- Det er alvorleg, men vi jobbar opp mot MD for å gå gjennom premissa for og måten avgjerda er gjort på. Det er normal prosess, seier Brekk, og påpeikar at det er Solheim og MD som er ansvarleg for rovdyrpolitikken, men at LMD engasjerer seg fordi saka også har å gjere med beitebruk.

- Difor er det viktig for oss å seie frå, og vi ønskjer å løyse saka gjennom dialog, seier Brekk.

- Sjeldan og alvorleg usemje

Solheim har fleire gonger forsvart kvotereduksjonane som naudsynte for å nå bestandsmålet i rovviltforliket.

Støttar Brekk

Høgres Lødemel gjer det klart at han og Høgre støttar Brekk i sak.

- Vi reagerte sterkt på reduksjonen av gaupekvotar, men det som gjer saka totalt uhaldbar er den typen dobbeltkommunikasjon regjeringa kjem med her. Det er sjeldan at to statsrådar uttrykkjer slik strid i ei sak heile Stortinget står samla bak, og det er alvorleg, seier Lødemel.

Han meiner manglande oppfølging av rovviltforliket får følgjer for beitesesongen. Les meir i Nationens eavis laurdag 3. mars.