Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Helsetilsynet: Fødselsovervakinga sviktar ved små fødeavdelingar

Publisert: 15.03.12 19:33

Kvart år blir det meldt inn rundt 30 tilsynssaker om barn som blir skadde under fødselen. I ein gjennomgang av desse sakene i perioden 2006- 2008 har Helsetilsynet funne at skaderaten er 3,9 gonger så høg ved fødeavdelingar som har færre enn 1.000 fødslar per år, enn ved dei som har fleire.

Samla var det 60 skadar ved dei store fødeavdelingane og 21 ved dei små, men i høve til talet på fødslar, blir barnet oftare skadd ved dei små.

Les også: Krev at fødestovene får ein ny sjanse

Helsedirektør Lars E. Hanssen ser med uro på at det i halvparten av dei mest alvorlege tilfella ikkje vart tilkalla eksperthjelp.

Fødeavdelingane må sjå til at fødselsovervakinga er meir forsvarleg, meiner han.

- Fødeinstitusjonane må ha rutinar for når det skal tilkallast lege, slik at det alltid er til stades folk med nødvendig kompetanse under dei kompliserte fødslane, seier Hanssen til Aftenposten.

Les også: Helsedirektøren advarer mot små fødeavdelinger

Fleire av barna som blir skadde, kan reddast om overvakinga er god, seier Hansen. I to av tre av skadetilfella var overvakinga mangelfull, går det fram av rapporten.

- I dei alvorlege hendingane kjente tre av fire gravide til at det var risikofaktorar, og i halvparten av fødslane auka risikoen enda meir undervegs. Det er viktig at pasientane føder på rett fødeinstitusjon, men vel så viktig er det at dei fødslane som utviklar seg uvanleg, blir fanga opp i tide, slik at både den fødande og barnet får den nødvendige overvakinga, seier helsedirektøren. (©NPK)