Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Handelen kjem med motrapport til matmaktutvalet

Hilde Lysengen Havro
Publisert: 12.10.11 12:09

Onsdag neste veke presenterer hovudorganisasjonen Virke ein motrapport til Matkjedeutvalet sin rapport, melder Handelbladet FK.

Rapporten blir eit innlegg i debatten kring Matkjedeutvalet sin rapport «Mat, makt og avmakt» frå april, som er ute på høyring med innspelsfrist 1. desember.

- Bakgrunnen for rapporten er at me ynskjer innspel til vår eigen høyringsuttale. I tillegg meiner me det er nokre område Matkjedeutvalet ikkje tok fatt i, og me ynskjer svar på nokre av dei områda utvalet unnlot å interessere seg for, seier administrerande direktør i Virke Handel, Thomas Angell, som sjølv sat i Matkjedeutvalet, til nationen.no.

Ingen motrapport

Angell sjølv vil ikke kalle det ein motrapport til Matkjedeutvalet.

- Utgjevinga neste veke er ein del av rapportserien «Dagligvarehandelen og mat» me har bestilt frå NILF annakvart år. Rapporten neste veke er ein artikkelsamling redigert av NILF. Me har ikkje hatt styring på dette arbeidet, forskarane skriv på sjølvstendig grunnlag, seier Angell.

- Det er ikkje i tilstrekkeleg grad sett lys på prisutvikling og prissamanlikningar. Handelen tykkjer også at utvalet ikkje i stor nok grad gjekk inn på konkurranseaspektet. Maktanalyse er ein dårleg eigna innfallsvinkel, me vil ha meir informasjon om konkurranse, produktivitet og lønsemd, og internasjonal samanlikning av prisnivå og forklaringar på dette, seier Angell.

Han trekkjer fram EMV (eigne merkevarer) som eit døme, og kva EMV har betydd for konkurranse og pris.

Ikkje til åtak på norsk landbrukspolitikk

Angell seier rapporten ikkje vil vera eit åtak på norsk landbrukspolitikk og importvernet.

- Ein kjem ikkje utanom landbrukspolitiske tema når vareutval og matvareprisar skal diskuterast. Landbrukspolitikken og importvern er sentrale premiss. Me ynskjer søkjelys på det konkurranseøkonomiske perspektivet, forbrukarane si stilling og konsekvensar for forbrukarane, som kjem dårleg fram i Matkjedeutvalet sin rapport, seier Angell.

Rapporten blir presentert onsdag 19. oktober, som dagen før det årlege haustmøtet til Dagligvareleverandørenes Forening. Angell seier rapporten gjerne skulle vore presentert tidlegare.

- Men det er ikkje ueffent for oss at artikkelsamlinga føreligg rett før Haustmøtet, seier Angell.

Det regjeringsoppnemnde Matkjedeutvalet overleverte rapporten «Mat, makt og avmakt» til regjeringa i april.

Les også: Regjeringen vil ikke forandre landbrukspolitikken

Les også: Matkjedene har uforholdsmessig stor makt

Les også: Brekk vil følge opp matkjedeforslagene

Les også: Brekk: - Noreg har sove i timen.

Les også: Tre av fire mener matkjedene har for mye makt

Les også: Meiner kjedene sporar av matmaktdebatten

Les også: Fire av ti vil splitte opp kjedemakt