Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Full forvirring rundt regjeringas målsetning for spesialmat

Hilde Lysengen Havro
Publisert: 14.02.13 18:23

I ein rapport frå Bygdeforsking blir regjeringa sine målsetjingar for sal av spesialmat karakterisert som å vera vanskeleg å nå.

I rapporten «Vekststrategiar for lokalmatbedrifter», som Nationen omtala i førre veke , skriv forskarane Gunn-Turid Kvam og Trine Magnus som har forfatta rapporten, at «Vi tror ikke at LMDs målsetning om at 20 prosent av matvareomsetningen i dagligvarehandelen innen 2020 vil være spesialmat nås.»

Flaskehalsar

Årsakene som blir peikt på frå forskarane er dagens flaskehalsar for lokalmatbedriftene, som distribusjon, i tillegg til at mange lokale matbedrifter vil vekse , men ikkje har målsetjingar om å bli så store.

Les også Pernille Husebys kommentar: Får lokalmaten god nok hjelp?

- Det blir vanskeleg å nå målsetjinga. For mange lokalmatbedrifter er det utfordrande å vekse. I tillegg blir det eit spørsmål korleis ein definerer «spesialmat», og om samvirkeorganisasjonane sine meir lokalt retta produkt skal inkluderast i spesialmat. Blir desse inkludert i spesialmat, kan omsetningstala auke fort, seier Kvam, som er seniorforskar ved Bygdeforsking.

Les også: 1700 norske lokalmatprodusenter

Per i dag finst det ikkje ei samla tyding av kva som ligg i spesialmat, og dei faglege og populære uttrykka varierer difor frå «lokalmat», «nisjemat», «spesialmat» til «mat med særpreg».

Forvirring om mål

Regjeringa har fleire gongar fått kritikk for at Noreg ligg langt unna dei vedtekne målsetjingane om at 15 prosent av matomsetninga og matproduksjonen skal vera økologisk i 2020. Samstundes herskar det full forvirring om det finst statlege målsetjingar for omsetning av spesialmat.

- Regjeringa har ikkje sett eit prosentmål for spesialmat. No er det landbruks- og matmeldinga som ligg til grunn, og der er det ikkje referert til prosenttal, seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum, og syner til ein uttale frå tidlegare landbruksminister Terje Riis-Johansen under Grüne Woche i Berlin i 2008.

Riis-Johansen sa då at dei norske matkjedene «bør ha som ambisjon at rundt 20 prosent av matomsetningen innen 2020 skal være norske matspesialiteter». Seinare har «bør» vorte til «skal», og eit nyheitsbrev frå Landbruks- og matdepartementet i 9. oktober 2008 innleier med «Innen 2020 skal 20 prosent av omsatt mat i dagligvarehandelen være norske matspesialiteter, er regjeringens mål.»

Vedum ynskjer ikkje å setje eit omsetningsmål for spesialmat.

Det finst mellom 1500 og 1700 lokalmatprodusentar i Noreg.

- Om ikkje ein når omsetningsmåla blir det mykje negativ merksemd kring det, i staden for å fokusere på at det faktisk er ein framgang. Målet vårt er å auke omsetninga av lokaltmat, og me bruker ein del ressursar på det over Lokalmatprogrammet, seier Vedum.

Les også: Vedum vil ha eget samvirke for lokalmat

Omsetningsvekst

I 2012 omsette butikkane for 2,8 milliardar etter ein vekst på 22 prosent på to år. Uavhengig av målsetninga er Nina Sundqvist i den statlege stiftinga Matmerk optimistisk på vegner av lokalmatprodusentar.

- Eg har stor trur på at omsetninga vil auke. Om daglegvarekjedene vil konkurrere, kan det bli ein fantastisk vekst framover. Eg trur me berre har sett byrjinga, seier Sundquist.

Ho seier produsentane må motiverast til å ta dei nødvendige investeringar for å møte auka etterspurnad.

- Fleire må inn i produsentsamanslutningar, og samarbeid om sal, distribusjon og marknadsføring.

Sundqvist og Vedum er samde om at også varer frå dei store industriselskapa bør kunne definerast inn i omgrepet lokalmat.

- Mellom anna Nortura si St. Kristina-skinke har sterk lokal tilknyting, seier Vedum.

Landbruksministeren seier lokale matprodusentar får viktig støtte over jordbruksavtalen.

- Tollvern og overføringar til jordbruket sikrar volumproduksjon, som sikrar lokalmatproduksjon. Er du for lokal osteproduksjon i Noreg, må du også vera for sterkt tollvern , seier Vedum.

I Nationens e-avis eller i papirutgåva for fredag 15. februar kan du også lese om osteprodusenten Avdem på Lesja som har dobla omsetninga på tre år.