Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Framleis uvisse om «tilrådd nynorsknorm»

Språkrådet ventar dermed på departementet før dei set i gang arbeidet med den tilrådde norma.

- Vi har foreslått for departementet den normalen som nemnda har laga, pluss ei tilrådd norm. No konstaterer vi at vi har fått godkjent rettskrivingsnormalen, mens vi framleis ventar på avklaring om tilrådd norm. 2012-normalen og den tilrådde norma er jo kvar sin ting, og departementet behandlar dei også som det, seier direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet.

Det vekte harme hos mange da styret i Språkrådet i vår vedtok å lage ei eiga ikkje-obligatorisk, men tilrådd norm, eit «trygt kvalitetstilbod» for dei som vil skrive «regelrett og stilsikkert», slik det vart lagt fram av Språkrådet. Den tilrådde norma er meint å vere eit ekstra tilbod ved sida av den nynorsknorma som departementet no har godkjent.

- Framlegget om ei tilrådd norm er eit tilbod om hjelp til dei som ønskjer mindre valfridom enn det rettskrivingsnormalen gir, seier Vonen.

Kritikarane har meint at vedtaket er eit brot på ein viktig grunnpremiss for normarbeidet: avviklinga av tonivåsystemet i nynorsk med hovud- og klammeformer. For bokmål vart denne todelinga lagt vekk i 2005.

- Eit skammeleg triks

Språkprofessor Helge Sandøy ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen er éin av dei som sterkt har gått imot vedtaket om å lage ei slik ekstranorm. I eit lesarinnlegg i vekeavisa Dag og Tid 12. august kallar han vedtaket for «eit skammeleg triks». Han meiner at det no vedtatte normkompromisset i seg sjølv er godt nok, men at legitimiteten til norma står i fare viss den smale «kvalitetsnorma» blir ein realitet.

- Eg synest dette øydelegg legitimiteten til den nye norma, seier Sandøy. Han meiner den breie tilslutninga til norma er skapt på eit sviktande grunnlag.

- Kompromisset som nemnda kom fram til, er jo bygd på premissen om at det ikkje var lov å diskutere spørsmålet om eitt eller to nivå. Legitimiteten til den nye norma ramlar viss det no likevel blir innført to nivå, seier professoren.

- Det er fusk overfor den som har prøvd å delta i demokratiet.

Sandøy peiker på at ein stor del av målrørsla har vore imot å fjerne tonivåsystemet. Motstanden mot å fjerne systemet med hovud- og klammeformer velta også det førre forsøket på å revidere nynorskrettskrivinga utan klammeformer. Normarbeidet vart den gongen leidd av Sandøy.

Gammal strid

Da arbeidet vart tatt opp igjen, gjorde Kulturdepartementet det klart at tonivåsystemet skulle takast bort i den nye norma. Dei to nivåa var dobbeltkommunikasjon og forvirrande for språkbrukarane, meinte departementet. Dermed måtte dei mange som helst hadde sett at skiljet mellom hovud- og klammeformer vart ført vidare, leggje dette spørsmålet til side.

Annonse

- Dei kunne ikkje fremje dei synsmåtane sine under debatten som gjekk i fjor vinter, ettersom det å fjerne tonivåsystemet jo var sjølve premissen, seier Sandøy, som sjølv er tilhengjar av ei norm utan slike skilje.

- Og så kjem det underlege: Når diskusjonen er gjennomført på Sylfest Lomheims premissar og vedtaket er gjort på Sylfest Lomheims premissar, så endrar Språkråd-styret dette igjen og seier at no skal vi ha to nivå likevel.

- Berre eit tilbod

Sylfest Lomheim var språkdirektør da normarbeidet vart sett i gang. Den sitjande språkdirektøren, Arnfinn Muruvik Vonen, er ikkje einig i at premissane er endra.

- Når vi har foreslått ei slik tilrådd norm, så er det sjølvsagt ikkje noko forsøk på å undergrave det arbeidet som rettskrivingsnemnda har gjort. Vi deler ikkje det synet at den tilrådde norma vil fungere undergravande, seier han.

- Men det blir sagt at både føremålet og effekten av ei tilrådd norm i realiteten svarer til dagens system med læreboknormal, og at ho dermed kan sjåast som ei snikvidareføring av tonivåsystemet?

- Nei, det er eg ikkje einig i. Statsorgan og lærebokforfattarar kan no bruke den nye normalen fullt ut. I det tidlegare tonivåsystemet hadde dei berre den smalare læreboknormalen å halde seg til. Det er jo ein vesensforskjell, meiner Vonen.

- Vi vil jo ikkje ta frå desse språkbrukar-gruppene valfridommen som ligg i den nye normalen. Den tilrådde norma er berre eit tilbod.

Derfor har han ein heilt annan funksjon enn det læreboknormalen har hatt i det gamle systemet. (©NPK)

LES OGSÅ: Målungdommen krev filmtekst på nynorsk også

LES OGSÅ: Distriktsbarometer: Sidemålsdebatt deler landet

LES OGSÅ: Grepstad i Språkrådet: - Ei berekraftig og samlande norm for nynorsk

Neste artikkel

Sandberg i ny fiskefeide på Stortinget