Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Flytter arbeidsplassar ut av Oslo

Ikkje berre reint statlege bedrifter flytter ut av Oslo. I 2011 flytter Opplysningen 1881 hovudkontoret til Otta i Gudbrandsdalen. - Effektiviserande å flytte ut, seier dagleg leiar Jan Erik Sørgaard.

Regjeringa får uventa draghjelp for utflyttingspolitikken sin. Opplysningen 1881 har avgjort å flytte hovudkontor for manuelle tenester til Otta.

- Det var ei naturleg avgjerd etter at Opplysningen 1881 i sommar valde Otta til å vera hovudsenteret vårt, seier Sørgaard.

- For oss er dette effektiviserande. Hovudkontoret kjem nærare produksjonen og dei tilsette. I tillegg reduserer til dømes bruk av internett og videokonferansar dei geografiske avstandane, seier han.

Sørgaard fryktar heller ikkje at dei ikkje skal få inn kompetente folk til dei nye stillingane.

- Me har fått inn godt kvalifiserte søkjarar, og er framleis midt i søknadsprosessen. Otta er ein interessant stad. Det er om lag 7000 innbyggjarar i Sel kommune. Otta har nærleik til marknaden og kundar, og det er lett å reise mellom Otta og Oslo, seier han.

- Viktig for Otta

- Når ein så dominerande aktør innafor sin marknad som 1881 vel å flytte til Otta har det stor tyding. Det blir ofte tilført fleire ressursar og utvikling til eit hovudkontor, seier ordførar i Sel kommune, Dag Erik Pryhn (Ap).

Det er i år 30 år sidan Opplysningen fyrst vart etablert i bygdebyen mellom Oslo og Trondheim, og har heile tida vore ein viktig arbeidsplass for Gudbrandsdalen.

- Om dette går bra kan utflyttinga av Opplysningen 1881 bli eit godt døme for andre, seier Pryhn.

- Kva ringverknader kan dette skapa?

- Å få på plass eit kompetansemiljø med leiarfunksjon er utruleg viktig. Innflyttarar kjem ofte i lag med familie, så tilflyttinga til regionen blir større. Det gir også stimulans og entusiasme i lokalsamfunnet at ei slik bedrift etablerer hovudkontoret her, seier Pryhn.

Han meiner Otta har mykje å by på innafor skule og utdanning, helsetilbod og kulturliv.

- Otta er midt i smørauget for folk som er glade i fjellet, med Rondane og Dovre rett i nærleiken. I tillegg har me merka oss at Opplysningen sjølve meiner plasseringa er gunstig, midt mellom Oslo og Trondheim, og heller ikkje så langt over til Vestlandet.

Annonse

Sp ikkje nøgd

Sidan dei raudgrøne kom til makta i 2005 har 585 statlege arbeidsplassar vorte flytta ut av Oslo. Senterpartiet er framleis langt unna målsetjinga frå valkampen i 2005.

- Det er ingen tvil om at Senterpartiet har høgare mål enn det me har oppnådd så langt, seier kommunal- og regionalminister for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete.

- Skal me få fart på utflyttinga må distrikts-Arbeidarpartiet få større gjennomslag enn i dag. Når me diskuterer utflytting av Statens byggtekniske etat til Gjøvik, som i oslosamanheng er liten, så er likevel Oslo Arbeiderparti negative, seier Navarsete.

Ho meiner det handlar om makt og kven som skal definere framtida i den statlege sektoren.

- Det må vera regional balanse når det gjeld statlege arbeidsplassar, seier Navarsete.

Tidlegare i år sette Regjeringa ned eit utval som skal gå gjennom kompetansearbeidsplassar og utflytting.

- Me har store forventingar når utvalet legg fram rapporten sin etter jul, seier Navarsete.

- Er det i strid med Soria Moria 2 å flytte ut arbeidsplassar, slik nokre hevdar?

- Det er ikkje i strid med Soria Moria å flytte ut eksisterande arbeidsplassar. Når ein etat utvidar talet på tilsette, og verksemda skal flyttast likevel, må me også kunne sjå på utflytting, seier Navarsete.

- Korleis vil regjeringa leggje til rette for at til dømes private bedrifter kan flytte ut?

- Her er kommunane vel så viktige som staten. Kommunane må tenkje rekruttering og ha planar for mogleg lokalisering av private bedrifter. Høg kvalitet på breibandet er nødvendig, her har me eit ansvar, seier Navarsete.

Ho meiner også at private verksemder kan sjå ein gevinst i å flytte ut.

- Lønsnivået er gjerne lågare enn i Oslo, det er stabil og god arbeidskraft, og undersøkingar om rekruttering i mindre kommunar syner at dei ikkje har problem med å rekruttere folk, seier Navarsete.

Neste artikkel

Moods of Norway er konkurs – takker for dansen