Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

FK Agri seier nei til NHO

Hilde Lysengen Havro
Publisert: 15.06.11 21:50

Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA) vedtok onsdag ettermiddag , med stort fleirtal, å gå inn i forhandlingar med NHO om medlemskap i NHO Mat og Bio.

Blir det eit ja til NHO på det ekstraordinære årsmøtet i LA som skal haldast til hausten, kjem ikkje FK Agri til å bli med over. Det seier styreleiar i FK Agri, Einar Enger til Nationen.

Enger vil heller søkje andre løysingar om LA blir med i NHO.

- Direkte gale å bli med

- Etter mitt syn er det direkte gale å bli med i NHO. Eg kan ikkje sjå at landbruket har noko å hente på den næringspolitiske arenaen i NHO, eller at NHO har kome med stønad som er til nytte og hjelp for bøndene, seier Enger.

FK-Agri-leiaren peiker særskilt på at NHO er kritiske til importvern og at organisasjonen meiner råvareprisene er for høge.

- Det blir fullstendig gale å gå i forhandlingar, seier Enger.

Finne alternativ

LA har sett ned eit utval som har fått ansvar for å forhandle med NHO Mat og Bio.

- No skal det forhandlast. Eg skal ikkje forskuttere resultatet, men eg treng ingen avtale for å vita at me må ha eit alternativ til å gå med i NHO, seier Enger.

Eit mindretal sa nei til NHO-forhandlingar på eigarmøte i ettermiddag. No vil Enger at FK Agri tek ansvar for at desse får eit alternativ. I sakpapira til møtet i dag skisserte LA også SAMFO og Spekter som moglege arbeidsgjevarorganisasjonar for LA å gå inn i.

- No skal dette opp i styret i FK Agri, som skal avgjera kva me kjem til å gjera. Men eg vil tru at me må sjå der etter alternativ, men dette skal vurderast nøyare, seier Enger.

LES OGSÅ: Landbrukets Arbeidsgiverforening vil inn i NHO

LES OGSÅ: FK Agri kritisk til NHO

LES OGSÅ: Reierstad: - Ein god prosess i Tine

LES OGSÅ: Debatt i Tine om medlemskap i NHO