Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Finanskrisa gjer at folk vil ha Stoltenberg som statsminister

Eva Aalberg Undheim
Publisert: 27.12.11 17:34

Trass i at Høgre den siste tida har nærma seg Ap i storleik på meiningsmålingar, har Høgre-leiar Erna Solberg litt att før ho tek innpå statsminister Jens Stoltenberg i popularitet.

Samstundes som Arbeidarpartiet har oppslutning frå om lag ein tredjedel av befolkninga, seier heile 48 prosent at dei i økonomisk urolege tider set si lit til Ap-leiar Jens Stoltenberg som statsminister. Berre ein av tre føretrekkjer Solberg.

Det syner ei ny meiningsmåling Norfakta har gjennomført for Nationen og Klassekampen.

- Hyggelig

Stoltenberg kommenterer tala med at han alltid synest det er hyggeleg med gode målingar.

- Eg er glad mange har tillit til oss på ei av dei viktigaste sakene våre, som er å sikre arbeidsplassar i Norge, formidlar han i ein e-post.

Les også: Flertallet er godt fornøyd med Stoltenberg

Valforskar Anders Todal Jenssen ved NTNU forklarar tala med at regjeringa bygde truverd under handsaminga av finanskrisa i 2008 og 2009, som ho nyt godt av no når folk igjen uroar seg over den økonomiske stoda.

Erna Solberg trur også det er handteringa av finanskrisa som gir Stoltenberg stor tiltru. Ho seier seg nøgd med at ho i opposisjon har støtte frå ein av tre.

- Dette er gode tal for Høgre og for meg, seier ho.

Ein av fire i Frp for Jens
Stoltenberg har større tillit enn Solberg blant folk i alle landsdelar, inntektsgrupper, utdanningsgrupper og i byar så vel som på bygdene. Han er også favoritt blant folk i alle aldrar, med unntak av dei over 60, der eit fleirtal held ein knapp på Solberg.

Trua på Solberg er også størst blant veljarane til Høgre, Frp og KrF, medan Stoltenberg appellerer til eit fleirtal blant veljarane i alle andre parti.

Les også: Høyre har vind i seilene - bråstopp for Frp

Todal Jenssen ser det som særleg interessant at ein fjerdedel av Frp-veljarane som er spurte heller vil ha Stoltenberg enn Solberg.

- Det skuldast nok at det finst ein del som røystar Frp einast på grunn av innvandringspolitikk til partiet, medan dei er meir samde med Ap i den økonomiske politikken, seier han.

Ap-nestleiar Helga Pedersen nyttar tala til å minne veljarane om at vegen til Stoltenberg ikkje går via å røyste Frp.

Solberg vil ikkje kommentere Frp-støtta til Stoltenberg utover å seie at ho er glad størstedelen av Frp-veljarane har peika på henne. Ho seier også at ho trur bilete ville sett annleis ut om andre politiske saker var inkludert i målinga.

- Eg registrerer at det her er spurt om økonomisk krisehandtering. Stoltenberg har site gjennom ei krise allereie og gjorde ein god jobb der, seier Solberg.

Les meir om denne saka i eavisa til Nationen for onsdag 28. desember. Ho kan kjøpast her.