Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fellesforbundet skal presse Jens om vikarbyrådirektivet

Laurdag ettermiddag talte Arve Bakke, leiar i det mektige LO-forbundet Fellesforbundet, til landsmøtet i Nei til EU.

- Eg kan love dykk at vi skal presse på der vi kan for å få eit veto mot vikarbyrådirektivet, sa Bakke.

Ikkje auka EU-skepsis

Bakke understreka at Fellesforbundets krav om veto ikkje heng saman med generell EU- og EØS-skepsis i organisasjonen.

- Fellesforbundet meiner at EØS framleis skal vere berebjelken i Noregs forhold til Europa. EU er noko vi må forholde oss til, anten vi er EU-tilhengjarar eller motstandarar. Det som skjer i EU betyr mykje for oss. Vi vil at Noreg skal ha eit aktivt forhold til EU, sa Bakke.

Bakke sa at Fellesforbundets ønskje om veto mot vikarbyrådirektivet har å gjere med dei store endringane som skjer i norsk arbeidsliv.

- Vi er uroa over den sterke framveksten av bemanningsselskap. Den norske modellen med topartsforhold i arbeidslivet er i ferd med å bli svekka. Den er i ferd med å bli ut av hendene våre, sa Bakke.

Løyver pengar

Under landsmøtet sitt i oktober vedtok Fellesforbundet overraskande å slutte seg til den Nei til EU-initierte utgreiinga Alternativer til dagens EØS-avtale. No opnar forbundet også for å støtte prosjektet økonomisk.

- Leiinga i Fellesforbundet har førelått å gje 100 000 kronar til utreiinga. Vi vil også delta aktivt i prosjektet i tida som kjem. Vi ønskjer ein god og open debatt, også om alternativ til EØS sa Bakke.

Annonse

Ingen handelsavtale Tidlegare denne veka offentleggjorde Nei til EU ei spørjeundersøking der 52 prosent av dei spurde sa at dei heller vil ha ein handelsavtale med EU enn dagens EØS-avtale. Bakke gjorde det klart at han ikkje er blant desse 52 prosentane.

- Vi i Fellesforbundet ønskjer at Noreg skal kunne påverke arbeidslivet i Europa. Det som skjer der vil påverke oss uansett. Difor ønskjer vi ikkje ein tradisjonell handelsavtale.

Bakke understreka også at Fellesforbundet vil halde fast på vetoretten om det blir ei endring i dagens tilknytingsform til EU.

- Det er viktig at vi held fast på retten til å seie nei til det vi ikkje vil ha. Denne moglegheita ønskjer vi også å ha i framtida.

«Oppløftande»

Nei til EU-leiar Heming Olaussen karakteriserer Bakkes tale til landsmøtet som «veldig oppløftande».

Sigbjørn Gjelsvik, prosjektleiar i Alternativer til dagens EØS-avtale er svært fornøgd med Fellesforbundets deltaking i EØS-diskusjonen.

- Vi set stor pris på at Fellesforbundet vil gå aktivt inn i prosjektet vårt, og er også glade for at dei no går inn med ein betydeleg pengesum, seier Gjelsvik.

Dette er første gong ein leiar i Fellesforbundet held helsingstale på eit Nei til EU-landsmøte.

Neste artikkel

Lundteigen gir ikke grønt lys til MDG