Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU-parlamentarikarar ber kommisjonen vurdere tollvern-tiltak mot Noreg

Den tyske parlamentarikaren Daniel Caspary, nederlandske Esther de Lange og danske Bendt Bendtsen ber EUs handelskommissær Karel De Gucht og landbrukskommissær Dacian Ciolos vurdere mottiltak mot Noreg i samband med dei norske tollendringane.

Det går fram av eit brev dei tre parlamentarikarane har sendt EU-kommissærane denne veka.

Sjå heile brevet her. (PDF 629 kB)

Danske Bendt Bendtsen fortalte førre veke Nationen at han jobba for å få Noregs EU-ambassadør Atle Leikvoll, inn på teppet i Europaparlamentet. - Støtte til eitkvart mottiltak

Denne veka ber dei tre parlamentarikarane EU-kommissærane om deira vurderingar av dei planlagde norske tollendringane, og om evalueringar av EUs moglege tiltak mot Noreg.

- Vi ønskjer å syne støtte til eitkvart mottiltak for å sikre rettvis og open handel, heiter det i brevet.

Annonse

Dei tre parlamentarikarane er alle frå den største grupperinga i parlamentet - kristendemokratiske EPP. Medan Caspary sit i parlamentskomiteen for internasjonal handel, er Bendtsen i komiteen for industri, forsking og energi, og de Lange sit i landbrukskomiteen.

- På grunn av tidspress

Førre veke bad EUs landbrukskommissær Dacian Ciolos landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum om eit snarleg møte mellom Norge og EU for å diskutere dei planlagde norske tollendringane.

Møte kjem tidlegast til å finne stad etter framlegginga av det norske statsbudsjettet måndag, men tidspunkt er etter det Nationen kjenner til enno ikkje bestemt.

Ifølgje Bendtsen sin politiske assistent er brevet til landbrukskommissæren og til handelskommissæren på grunn av tidspress ikkje signert av andre parlamentarikarar.

Neste artikkel

Bartnes om støtte til nye sauehus: – Får meiningslause konsekvensar