Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ekspressbuss-prosjekt i grøfta

I 2006 starta Vestlandsrådet arbeidet med å skape eit samanhengande buss-tilbod langs kysten. EØS-reguleringar og konsesjonsgrenser øydela.

Vestlandsrådet tok mål av seg om å utvikle ekspressbusstilbodet mellom Stavanger og Trondheim slik at det framstod som ei rute for kundane.

I dag er bussreisa frå Trondheim og langs kysten av Vestlandet eit lappeteppe av etappar.

- Det var rett og slett konsesjonsgrensene som gjorde det umogleg. Dei ulike busselskapa var livredde for å få konkurrentar inn på sine område, seier tidlegare fylkesordførar Jon Aasen (Ap), som representerer Møre og Romsdal i Vestlandsrådet.

Heldt døra på gløtt

Då samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) møtte Vestlandsrådet i juni 2010, heldt ho døra på gløtt for at staten kunne medverke til realiseringa av eit samanhengande ekspressbusstilbod på Vestlandet.

- Samordninga har vore vanskeleg. Eg vil på ingen måte avvise at staten kan bidra med eit eller anna, sa statsråden til NTB.

Eitt år seinare tek Vestlandsrådet den avsluttande rapporten om «Ekspressbuss Vestlandet» til følgje og anerkjenner med det at prosjektet ikkje vart meir enn ein draum.

Håpe på fornuft

I rapporten står det at «grunnlaget for å styre eit samarbeid mellom selskapa som i dag driv ekspressbussrute på strekninga Stavanger-Trondheim synte seg ikkje å vere mogeleg m.a. med bakgrunn i konkurranselova og EØS-reguleringar».

- Vi var klare over at det kunne verte vanskeleg, men håpet var at fornufta skulle overvinne byråkratiet og realitetane, seier Aasen.

- I dag er det til saman sju ekspressbussruter langs kysten frå Stavanger til Trondheim. Dei blir operert av til saman åtte ulike busselskap.

Annonse

Han meiner staten kunne, og framleis har høve til å, sørgje for at kundane i framtida kan setje kofferten på bussen i Stavanger og plukke den med seg når dei går av i Trondheim, utan fleire lange stopp og bussbyter.

- Samferdselsdepartementet kunne tatt saka i eigne hender, men spørsmålet er om dette er ein visjon som vert delt av departementet, seier Aasen.Han trur samferdselsministeren medvite valde å styre klar av konsesjonsproblematikken.

- Kleppa skjøner at det vil seie å stikke handa i eit vepsebol, seier Aasen, som meiner løysinga ligg i å sjå heile strekninga under eitt ved anbodsrundar.

Har tinga statusrapport

Samferdselsdepartementet kunne ikkje svare Nationen i går, men det vert vist til brevveksling mellom departementet og Vestlandsrådet:«Kjøp av lokal kollektivtransport er eit fylkeskommunalt ansvar, blant anna fordi lokale styresmakter er best skikka til å vurdera behovet for kollektivtilbod. Ekspressbussrutene er også ein del av det lokale kollektivtilbodet», skreiv Kleppa i januar.

Ho seier vidare at departementet vil få utarbeidd ein rapport om status for ekspressbussmarknaden i løpet av 2011.

I Vestlandsrådets avsluttande prosjektrapport noterast det at det heile tida har vore meininga å få staten med på eit spleiselag i samband med opprustinga av ruta.

To grunnlagsrapportar peikar på det urimelege i at Austlandet får statlege midlar til jernbane, medan Vestlandet ikkje får noko til regional kollektivtrafikk. Det var denne tanken som skulle nyttast for å få tilskotsmidlar til ruta.

- Vi ville skape Vestlandets jernbane. Eg er ikkje i tvil om at det er mogleg å løyse. Vi kjem til å ta opp att arbeidet, seier Aasen.

Neste artikkel

Mener EU kan svekke sikkerheten på den norske jernbanen