Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Einar Enger valt til styreleiar i Felleskjøpet Agri

Skal styre landets største felleskjøp.

Årsmøte i Felleskjøpet Agri valde torsdag Einar Enger frå Rakkestad til ny styreleiar.

Tek over etter Dvergsdal

Enger var innstilt som arvtakar etter Steinar Dvergsdal av valkomiteen, og han blei vald med 165 av 169 moglege røyster.

Enger gjekk nyleg av som konsernsjef i NSB.

Han har kjøpt seg gard i Rakkestad i Østfold, der han driv med blant anna korn.

Annonse

Alle attvalde

Gustav Grøholt blei attvald som nestleiar med 166 stemmer.

Kari Broberg, Østre Toten, og Marit Bårnes, Larvik, blei også attvalde. Nytt styremedlem er Oddhild Bogen frå Ørsta.

Verken Gustav Grøholt, Bjørnar Schei, Harald Lein eller Knut Nordmo var på val som styremedlemer.

Neste artikkel

Gården er en suveren arena for læring og omsorg – bruk den!