Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dårleg utbygd breiband bremsar distriktsbedrifter

Janne Grete Aspen
Publisert: 22.02.12 10:32

Det er Vestlandsforsking som på oppdrag frå Distriktssenteret har undersøkt kor mykje videomøte og nettoverføringar blir brukt i arbeidslivet, og kva som hemmar og fremjar bruken.

Undersøkinga viste at 18 prosent av dei private verksemdene har teknisk utstyr meint for denne bruken, medan 47 prosent av dei offentlege verksemdene har det. Og tilgangen er størst i distrikta.

- Manglande utstyr hos verksemdene i storbyområda er ein flaskehals for bruken av det teknologiske utstyret, seier direktør Halvor Holmli i Distriktssenteret - kompetansesenter for distriktsutvikling.

Han brukar Distriktssenteret som døme på korleis bruken av videokonferansar kan vekse fram. Senteret vart etablert i 2008, og har kontor i Steinkjer, Sogndal og Alstahaug.

- Vi fann fort ut at styringsmøta med eigaren vår, Kommunal og regionaldepartementet i Oslo vart lite effektive. Vi laga eit reknestykke som viste at å fly inn fem personar til Oslo ein dag i arbeidstid og reiseutgifter kosta 40.000 kroner.

Når dei i tillegg la fram ein CO2-rekneskap, var løysinga klar, i ettertid har videokonferansar erstatta dei fleste Oslo-reisene.
- Mottoet vårt er at video skal brukast der det kan brukast, seier Holmli.

Les også: Distrikta best på videomøtar


Undersøkinga viser at gevinsten ved bruk av videoutstyr er størst i distrikta, men investeringane må gjerast lokalt. I tillegg til dårleg kvalitet på breibanda beskriv rapporten manglande utstyr hos verksemder i Oslo er ein flaskehals for bruken av teknologien.

- Kulturen er på ein måte at ein dreg til Oslo. Utstyret som finst er dårleg og vanskeleg tilgjengeleg. Ei konkret utfordring er å få til ein enkel standard for utstyr, slik at utstyret kommuniserer, seier Holmli.

Han seier at nokre gonger er det greitt å treffe nye folk fysisk.

- Men til kortare møte med folk ein kjenner der temaet er kjent er det ingen grunn til å ikkje bruke video, seier Holmli.

I rapporten konkluderer Vestlandsforsking med at for private verksemder vil den økonomiske innsparinga som følgje av å bruke teknologien truleg vere viktigare enn for offentlege verksemder. Forskarane finn det difor litt rart at ikkje videomøte blir brukt i større omfang.

- Men om vi ser på grunnlaget for å rekna ut innsparingar, er det nærmast fråverande sidan nesten ingen registrerer bruken. Det er grunn til å tru at ei systematisk registrering kombinert med ein enkel måte å rekna ut innsparinga påvil gi ein større motivasjon for dei mange verksemdene som enno ikkje har teke teknologien i bruk, skriv forskarane.

Vestlandsforsking har også sett på om næringshagar og kunnskapsparkar har utstyr til videomøte til leige.

Det viste seg at berre 17 av 40 hadde det.

- Med tanke på at næringshagar og kunnskapsparkar skal vera nav for verksemder i nærområdet, er det overraskande at så mange ikkje har utstyr for videomøte til leige for målgruppa si, skriv forskarane.


Annonse
Annonse
Annonse