Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bygdeforsking: Lokale matbedrifter vil vekse

Hilde Lysengen Havro
Publisert: 04.02.13 20:14

- Mange bedrifter ynskjer å vekse. Ikkje alle er store i utgangspunktet, og målet deira er heller ikkje å bli store, seier seniorforskar ved Bygdeforsking, Gunn-Turid Kvam.

Les også: Landbruksministeren vil ha eget samvirke for lokalmat

Ho har vore leiar for forskingsprosjektet og er ein av forfattarane av rapporten «Vekststrategier for lokale matbedrifter». Trass i auka satsing på lokalmat frå statleg hald og daglegvarekjedene er det framleis nokre barrierar i vegen.

- Produsentane seier dei største utfordringane er finansiering, å få tak i kompetent arbeidskraft og å finne gode distribusjonsløysingar for varene, seier Kvam.

Marknaden i vekst

Som målet for veksten oppgir bedriftene at dei ynskjer å tene pengar og etablere trygge arbeidsplassar. Produsentane oppgir at dei ynskjer positiv økonomisk vekst i bedrifta si.

- Rundt 20 prosent av dei spurde seier målet er å vekse i ein nasjonal marknad. Likevel er det ikkje alle som har kompetanse og ressursar til å takle ein nasjonal marknad, seier Kvam.

Les også: Kraftig vekst for lokalmat og matspesialitetar

Tal frå Matmerk tyder på at det i dag er mellom 1500 og 1700 lokale matleverandørar. Omsetninga av lokalmat og matspesialitetar har vekse med 22 prosent frå 2010 til 2012, men med 2,8 milliardar i omsetning i fjor utgjer denne gruppa framleis ein liten del av omsetninga.

- Mitt inntrykk er at kjedene har vorte flinke til å ta inn lokale varer. Produkta må sjølvsagt vera gode nok. Det er ikkje nok å presentere ein vare med lokal tilknyting, det må vera eit særpreg og kvalitet ved produktet, og produsentane må følgje opp tilsette i butikkane og marknadsføring av produkta, seier Kvam.

Støtte frå Innovasjon Noreg

Mange av dei som treng hjelp til å utvikle lokalmatbedrifter søkjer støtte frå Innovasjon Noreg. For inneverande år har Innovasjon Noreg om lag 70 millionar på Lokalmatprogrammet.

- I tillegg er det andre ordningar bedriftene kan søkje støtte frå. I tre år har me hatt ei ordning med vekstbedrifter, der bedriftene får finansiert kostnaden ved å vekse. Innovasjon Noreg har også introdusert ei ordning som gir støtte til dei som vil arbeide i nettverk. Dei bedriftene som ser nytta av å samarbeide kjem fortare i ein marknadsposisjon enn dei små, seier Inger Solberg, som er direktør for landbruk og marin i Innovasjon Noreg.

Ho seier bedrifter i også kan få hjelp til design, kompetanseheving og å køyre utviklingsprosjekt.

- Alle skal ikkje vekse, heller. Det er ikkje evigvarande lukke å vera i ein nasjonal marknad. Mange går føtene av seg fordi dei tek på seg for store skor. Bedriftene må tenkje på kvar dei vil, seier Solberg.

Bør samarbeide meir

I rapporten blir det peikt på at produsentane i liten grad samarbeider om sal, marknadsføring og distribusjon. Kvam seier mange produsentar opplev at dei ikkje har kapasitet til å samarbeide.

- Samarbeid er også krevjande. Mange har meir enn nok med seg sjølve, og mange ynskjer heller ikkje å samarbeide. I tillegg kan produsentane oppfatte kvarandre som konkurrentar, og difor ikkje samarbeide, seier ho.

Les også: Røros Mat gjør det stort på lokalmat

Likevel peikar forskarane på at ynsket om vekst vil måtte føre til meir samarbeid mellom produsentar.

- Særleg på distribusjon, sal og marknadsføring er samarbeid viktig. Graden av samarbeid heng nok også saman med ambisjonsnivået og storleiken på bedrifta. På Røros har samarbeid, og ikkje intern konkurranse, vore suksessformelen for dei lokale matbedriftene. Les meir om andelslaget Røros Mat i Nationens eavis eller papirutgåve tysdag 5. februar.