Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bygdeforskar meiner striden om bondetala gir svekt tillit til forhandlingssystemet

Bjarne Bekkeheien Aase
Publisert: 29.02.12 15:05

Nils T. Bjørke, leiar i Bondelaget, tok tidlegare i veka til orde for å endre utrekninga av bondeinntekta .

Bjørke vil ta godtgjersla til eigenkapital ut frå utrekninga for å synleggjere arbeidsinntekta. Han opnar òg for at lønsutgiftene til arbeidshjelp bør førast som ei utgift i totalrekneskapen for å få fram kva bonden sjølv sit att med. Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) vil ikkje kommentere saka.

Les også: Strid om auka kostnader bak bondeinntekt

Direktør Egil Petter Stræte i Bygdeforskning seier inntektsstriden er eit problem.

- Striden om utrekninga av bondeinntekta er eit uttrykk for slitasje i systemet. Det er eit problem at bøndene ikkje kjenner seg att i tala, og at aktørane har ulik forståing av kva som er den reelle inntekta til bonden. Stort sprik er med på å svekkje tilliten til heile forhandlingssystemet, sett frå bondens side. Det trur eg heller ikkje næringa er tent med, seier Stræte.

Vil ha alternativ utrekning
Stræte, som har ein doktorgrad i geografi og er utdanna landbruksøkonom, seier andre enn han får vurdere om det er rett å endre utrekningane av inntekta til bonden.

Les også: Mener investeringstørke skaper kunstig høy bondeinntekt

Han tykkjer likevel at det er interessant at fleire faktorar som ville trekt inntekta ned, er utelate frå inntektsutrekninga.

- Det hadde vore interessant å sjå ei alternativ utrekning over kor stort spriket er om ein hadde tatt ut eigenkapitalgodtgjersla og tatt med utgiftene til leigd arbeidshjelp, seier Stræte.

Stræte stiller likevel spørsmål ved kva jordbruket kan oppnå med ei alternativ utrekning.

- Når økonomien i jordbruket alt er dårleg, så er det ikkje sikkert at det hjelper så mykje å endre på grunnlaget for jordbruksforhandlingane. Bonden sjølv baserer seg uansett på eige rekneskap når han tek sine val, seier Stræte.

Tar ikkje med jordleige
Utrekninga får òg kritikk for at ikkje bøndenes utgifter til jordleige blir ført som ei utgift i totalutrekninga av inntekta. Grunnen skal vere at ein reknar at jordleiga går i null for næringa samla. Meir jordleige og bruksavgang kan derimot ha endra på det.

- Det er grunn til å tru at mykje av jordleiga går ut av næringa, seier rådgjevar Eva Øvren på Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (Nilf).

Jordbruksrekneskapa i driftsgranskingane viser at det leigde arealet per bruk i snitt har gått opp frå under 40 mål til nær 120 mål dei siste tjue åra.

Utleigd areal er på under 4 mål per aktive driftseining. Gardsbruka har dermed langt større utgifter enn inntekter frå jordleige.

- Kvifor blir då ikkje ein rimeleg del av jordleiga ført som ei utgift i utrekninga?

- Det spørsmålet må du må stille til andre, seier Øvren.

Leigeprisen per mål har gått opp frå under 100 til over 150 kroner per dekar dei siste 20 åra. Dei totale utgiftene til jordleige er dermed truleg rundt 600 millionar kroner. Kor stor del som går ut av næringa har ingen rekna på.

Delte politiske reaksjonar
Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) skriv at prinsippa for utrekninga er opp til Budsjettnemnda, og at han derfor ikkje vil uttale seg. På Stortinget er reaksjonane delte. KrF seier det er nødvendig å greie ut og vurdere endringar slik at inntektsutrekninga gir eit rett bilete.

Høgre utelukkar ikkje at bondeinntekta reelt sett er lågare, men seier strategien fører til at ein "snakkar ned" omdøme til næringa. Ap seier partane sjølv må vurdere behovet for endring, men at det viktige er å utvikle inntekta vidare.

Bøndene føler seg lurt. Les meir i e-avisa eller i papirutgåva 28. februar