Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Brekk: - Lar seg ikkje bortforklare at vi er på rett veg

Bjarne Bekkeheien Aase
Publisert: 05.11.11 11:44

På landsmøte i Norsk Bonde- og Småbrukarlag på Hamar lørdag forsvarte landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) inntektsutviklinga i jordbruket.

90.000 kroner meir pr årsverk

- Sidan 2006 viser dei faktiske rekneskapstala i jordbruket at inntekta per årsverk har gått opp med 90.000 kroner frå 2006 til 2010, og prognosane viser vidare vekst til 2012. Det lar seg ikkje bortforklare at vi er på rett veg, sa Brekk til landsmøteutsendingane.

At mange bønder ikkje kjenner seg att i inntektstala seier Brekk har med at det er få bønder som er gjennomsnittlege.

Han viser til at det er store forskjellar i inntekt per time mellom gardsbruka etter kor stort arbeidsforbruk dei har i forhold til volumet.

- Inntekta opp uavhengig av kapitaliseringsrenta

Brekk sa også at pilene i inntektsutviklinga peiker like mykje opp, uavhengig av kva rente ein set på innskoten kapital.

- Dersom ein set renta på innskoten kapital til 14 prosent, så kjem årsverksinntekta ned i null. Men inntektsutviklinga dei siste åra blir uansett akkurat den same, sa Brekk.

Landbruksministeren sa at statistikken over vederlaget per årsverk er lite eigna til å seie noko om inntektsnivået, men er veleigna til å vise utviklinga av inntekta over tid.

- Har auka rommet med seks milliardar kroner

Brekk sa at han har kjempa for å auke rammene for inntekter i jordbruket.

- Vi har klart å auke dei totale inntektsramma for jordbruket frå 30 til 36 milliardar kroner. Og alt av friske budsjettpengar er brukt på å styrkje det gras- og beitebaserte husdyrhaldet, sa Brekk.

- Kan jo prøve å snakke med Høgre

Landbruksministeren sa også at han av og til var forundra over strategien til Småbrukarlaget.

- Viss de meiner at det vi oppnår er puslete, kva er så det realistiske alternativet? De kan gå og snakke med Gunnar Gundersen og Høgre, og sjå kva de oppnår der, sa Brekk.

Han viste til at Høgre vil kutte 2 milliardar kroner i landbruksstøtta, noko som ifølgje Brekk utgjer 40.000 kroner i redusert inntekt per bondeårsverk.

- Og når de stadig snakkar resultata våre ned, trur de at det styrkar landbruksministerens posisjon? Og kva trur de at det gjer med rekrutteringa til landbruket, spurde Brekk landsmøteutsendingane i Småbrukarlaget.