Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Borten Moes oljesandutspel spreiar harme blant SV-arar

Astrid Sverresdotter Dypvik
Publisert: 07.11.11 20:51

I går snakka Nationen med 12 av SVs 19 fylkesleiarar. Alle kjem med krass kritikk av Borten Moes oljesandutspel. Fleire understrekar at dei ser på Borten Moe som ein solospelar.

Fleire av fylkesleiarane trekkjer fram at utsegnene bryt både med regjeringserklæringa og med Senterpartiets eige partiprogram. I tillegg seier mange at dei reknar Borten Moe som Statoils mann i regjeringa.

- Han ser ut til å vere langt nede i lomma til Statoil, seier Morten Nøding-Ekeland, fylkesleiar i Vest-Agder SV.

- Ein minister bør halde seg til den regjeringserklæringa ein styrer etter, seier Elin Kvikshaug Berntsen fylkesleiar i Sør-Trøndelag SV.

- Eg synest Ola Borten Moe fjernar seg stadig meir frå det eg trudde det var einigheit om i regjeringa når det gjeld miljøpolitikk, seier Kirsten Hasvoll, fylkesleiar i Nordland SV.

Privat politikk

- Viss han ikkje slår kontra, synest eg det er komplett uakseptabelt, seier Steinar Nørstebø, leiar for SV i Hordaland.

- Eg synest han framstår meir som ein lobbyist for Statoil i regjeringa enn som eit regjeringsmedlem som uttalar seg om regjeringa sin politikk, seier Nørstebø.

- Olje- og energiminister Ola Borten Moe sa førre veke til den kanadiske avisa Globe & Mail at han ser utvinning av olje frå oljesand som nødvendig for å dekkje energibehovet i verda.

Det var i eit intervju med den kanadiske avisa Globe & Mail at Borten Moe sa at han meiner utvinning av olje frå oljesand trengst for å dekke verdas framtidige energibehov.

Les også: Miljøpolitisk talsmann i Sp: Borten Moe går imot eige parti

Les også: Ola Borten Moe lover norsk gass til Europa i opptil 70 år

Samstundes gjekk han hardt ut mot EUs nye forslag til drivstoffdirektiv som fråråder bruk av olje frå oljesand. I tillegg uttrykte han sin støtte til Statoils oljesand-planar.

Miljøvernminister Erik Solheim karakteriserte sist veke Borten Moes oljesand-utspel som «private synspunkt».

Ola Borten Moe er framleis i USA og var ikkje tilgjengeleg for å gi kommentar til Nationen i går.

Les meir om denne saka i eavisa til Nationen for 8. november. Ho kan kjøpast her.

Annonse
Annonse
Annonse