Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bøndene må betale 20 millionar for marknadsoverskot på storfekjøtt

Medan det fram til september var stor mangel på storfekjøtt og redusert toll på import, er marknadsbalansen dei siste vekene snudd til stort overskot. Sist veke låg det godt over 2000 tonn storfekjøtt på reguleringslagra til Nortura. Overskotet av storfekjøtt veks kraftig veke for veke og nærmer seg taket på 2500 tonn. I fjor på same tid var lagra tomme og ein må mange år tilbake for å finne ein liknande situasjon.

Les også: Import av storfe kostar bøndene 900 millionar

Meirkostnadene med reguleringslagring blir av Nortura rekna til 20 millionar kroner. Rekninga blir betalt av norske storfebønder gjennom auka omsetningsavgift. Direktør Jakob Simonhjell i Nortura totalmarked, som er marknadsregulator for blant anna storfekjøtt, seier situasjonen som har oppstått er uheldig.

- Situasjonen vi har kome i er ikkje heldig. Det er krevjande for bransjen at lagra har bygd seg opp så mykje på så kort tid, og det er uheldig for avsetninga på kort sikt. Lagersituasjonen fører til auka omsetningsavgift for bøndene og medverkar til at vi ikkje kan auke prisen for storfekjøtt med meir enn 20 øre neste halvår, seier Simonhjell. Import til redusert toll

Det har i fleire år vore stor mangel på norsk storfekjøtt. Statens landbruksforvaltning (SLF) har derfor opna for import til redusert toll. Tollsatsane på heile og halve skrottar, i tillegg til ein del stykningsdelar, er redusert tilstrekkeleg til at importkjøttet skal kunne kome inn til same pris som norsk. I år har tollreduksjonen vore omtrent samanhengande frå nyttår fram til 25. august. Det har ført til at det til og med august blei importert vel 12.300 tonn storfekjøtt. Det er omtrent på nivå med kvantumet som var import på same tid i fjor.

Les også: Nortura aukar prisane på storfe og lam

- Har det blitt importert for mykje storfekjøtt?

- Det store bilete er at det er underdekning på storfe, men vi må nå ta inn storfe på reguerlingslager sidan det er ein mellombels overskotssituasjon. Importen blei stoppa tidlegare i år enn i fjor, seier Simonhjell. Kraftig auke i slaktinga

Parallelt med importen har slaktinga av norsk storfe auka kraftig. Nortura melder at slaktinga av storfe har auka med sju prosent til totalt 68.150 tonn så langt i år. Veksten frå same tid i fjor utgjer 4450 tonn storfekjøtt.

Sjølv om lageroppbygginga først og fremst har tatt av etter midten av september, seier Simonhjell det er for tidleg å seie om den auka slaktinga kan ha samanheng med stortingsvalet og utsikter til endra rammevilkår.

Det har i lang tid vore stort underskot på norsk storfekjøtt.

Annonse

Les også: Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund kritiserer Norturas marknadsreguleringa av egg

- Vi har ikkje sett på kor mykje av slakteveksten som kjem frå bønder som legg ned drifta, og om det har skjedd endringar der. Vi reknar med at ein del av veksten kjem av forskyving av slaktinga på grunn av endringar i mjølkekvotane, i tillegg til at slaktevektene har gått opp, seier han.

- Kunne de gjort noko annleis for å unngå situasjonen?

- Det er det naturleg å sjå nærare på, men eg vil ikkje forskottere noko før evalueringa, seier han.

Dersom reguleringslagra passerer maksgrensa på 2500 tonn, må resten leggjast på lager for Norturas eiga rekning. Det vil svekkje driftsresultatet til det bondeeigde slakterikonsernet.

Les også: Bønder må slakte storfe på grunn av mangel på fôr

Nortura tilrår av omsetningsavgifta auker med 10 øre til 1,10 kroner per kilo storfekjøtt frå nyttår, for deretter å variere mellom 60 øre og 1,40 kroner gjennom året.

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag seier det er vanskeleg å styre importen når tollen blir redusert. Han ser ikkje på overskotet av storfekjøtt som eit stort problem.

- Det er framleis eit underliggjande underskot av storfekjøtt. Overskotet nå betyr berre at ein slepp å importere så mykje ein periode framover, seier Bjørke, som ikkje utelukkar at vanskeleg fôrtilgang kan ha framskunda slaktinga i haust.

Neste artikkel

Markant økning i antall dyrevelferdssaker