Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bondelaget slår tilbake mot NorgesGruppen-sjef

Bjarne Bekkeheien Aase
Publisert: 01.04.11 15:05

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag reagerer på dei mange utsegnene om landbruket som avtroppande konsernsjef Sverre Leiro i NorgesGruppen kjem med i eit intervju med Dagens Næringsliv i dag.

- Bidratt til verdiskapinga

Leiro, som i årevis har vore toppsjef i landets klart største daglegvarekjede, seier i intervjuet at daglegvarebransjen definitivt har "bidratt til verdiskapningen som har skjedd i produsent- og industrileddet".

Vil sentralisere produksjonen

Vidare seier Leiro at bonden tener meir pengar enn før, og han tar til orde for å samle produksjonen på færre gardsbruk og konsentrere produksjonen til områda med best vilkår.

- Vi må samle produksjonen, seier Leiro og bruker produksjonen av mjølk og kjøtt som eksempel.

Les også: NorgesGruppen fryktar for 500 lokalbutikkar

Bondelaget slår tilbake

Bondelagsleiar Nils T. Bjørke reagerer.

- Sverre Leiro er ein dyktig kremmar, men han er nok mest opptatt av billig mat. Løysingane han føreslår vil få store konsekvensar for landbruket, kulturlandskapet, bygdene og matproduksjonen. Matproduksjonen vil bli svekka med hans forslag, og konsekvensen ville blitt meir import. Ein kan jo lure på om det er det han eigentleg ønskjer, seier Bjørke til Nationen.

- Ville resultert i meir import

Bjørke seier det ville blitt mindre matproduksjon på norske ressursar om Leiros landbrukstankar blir realisert.

- Kjøttproduksjonen må skje der graset er. Då nyttar det ikkje å leggje ned produksjonen i store delar av landet, seier Bjørke.

Bondelagsleiaren viser til at landbruket har effektivisert over 4 prosent årleg i lang tid, men at svært lite av rasjonaliseringa har kome landbruket til gode.

- Den store marknadsmakta som NorgesGruppen og andre matkjeder har, bidreg til at landbruket slit økonomisk, seier Bjørke.

Les også: - Svinebonden har fått meir

- Feil om svinekjøtt og pris

Bjørke meiner det er feil at svinekjøttvolumet har gått ned og prisen opp, slik Leiro hevdar.

- Det er jo det stikk motsette som har skjedd, seier Bjørke.

- Hardt slag for distriktsjordbruket

Større og færre gardsbruk og sentralisering av produksjonen, som Leiro ønskjer, vil bli eit hardt slag for distriktsjordbruket, ifølgje Bjørke.

- Det verkar som om Leiro vil ha eit jordbruk som i Sverige. Der er produksjonen blitt konsentrert. Konsekvensen er synkande jordbruksproduksjon, avfolking av bygdene og gjengroing, seier Bjørke og seier at grovfôrressursane blir langt dårlegare utnytta i Sverige.

- Samvirkekritikk teikn på maktkamp

At Leiro også tar til orde for at dei bondeeigde samvirkeselskapa Tine og Nortura må gjerast om til aksjeselskap, meiner Bjørke er nok eit steg i feil retning.

- Det er landbrukssamvirke som gjer at at vi kan ha eit landbruk i heile landet, og at alle bønder kan få same pris for vara. Samtidig er samvirka bondens reiskap for å få ein del av inntektene i verdikjeda. At Leiro angrip samvirka er berre eit teikn på at daglegvarebransjen vil ha meir makt, seier Bjørke.

- Vil svekkje landbruket

Han prisar seg lukkeleg over at Leiro har avgrensa innverknad på landbrukspolitikken.

- Løysingane hans ville ha svekka landbruket betydeleg. Han får heller halde seg til det han kan, seier Bjørke.