Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ap: Matkjederapporten må ta omsyn til butikkar i distrikta

Hilde Lysengen Havro
Publisert: 04.04.12 18:55

I Nationen fredag frykta Norgesgruppen at ny lov om god handelsskikk vil føre til nedlegging av distriktsbutikkar.

Matvarekonsernet fekk seinare krass kritikk frå Forbrukarrådet, som kalla utspelet «skremselspropaganda».

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Kåre Simensen, har ikkje avgjort kva han sjølv meiner om tiltaka frå Matkjedeutvalet, men saknar ein større debatt om konsekvensar for distriktsbutikkane.

Les også: Furuberg raser over lam på billigsalg

- Debatten om tilgjengelegheit for forbrukaren handlar ikkje berre om å utvide vareutvalet i butikkane. Det må vera ein butikk og nokre hyller å velje varer frå, også, seier Simensen. Livsnerve

Han seier mange distriktbutikkar er livsnerva i små bygdesamfunn, og at det i diskusjonen om kva tiltak som skal setjast i verk, er avgjerande å sørgje for at ein desentralisert butikkstruktur blir oppretthalden.

Les også: Lov om handelsskikk skaper strid

- Me kan ikkje risikere at små bygdebutikkar forsvinn. Då blir tilgjengelegheita til daglegvarer samla sett dårlegare, og det er ikkje forbrukarane tente med, seier Simensen. Like viktig som billig mat

- I dag er det nokolunde lik pris på matvarer om du handlar i Porsanger eller Oslo. Me må trø varsamt når oppfylgjingstiltak skal diskuterast, og særleg sjå på kva konsekvensar dei vil ha for distriktsnoreg. Det er minst like viktig som at forbrukarane skal ha billige varer, seier Simensen.

Les også: Nilf-sjef: - Berre ein fjerdedel av høgare matprisar går til bøndene