Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

6200 bønder borte på seks rødgrønne år

Bjarne Bekkeheien Aase
Publisert: 31.10.11 18:38

Under rødgrønt styre dei siste seks åra har det blitt lagt ned nær tre gardsbruk dagleg.

Totalt for perioden har det blitt 6209 færre bønder eller jordbruksføretak her i landet. Det viser ferske tal på søkjarar om produksjonstilskot frå Statens landbruksforvaltning (SLF).

Svak auke
Medan det var 50.932 søkjarar då den rødgrøne regjeringa overtok i 2005, så viser søkjartala frå 31. juli i år at det var 44.723 attverande søkjarar om tilskot i jordbruket.

Nedleggingstakten i prosent er nær halvert dei siste seks år samanlikna med dei seks åra før 2005.

Dei to siste åra viser derimot ein svak auke i nedleggingstakt frå 1,6 prosent i 2009 til 2,2 prosent i år.

- Auka bondeinntekt hjelper
Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) trekkjer fram auka bondeinntekt som hovudforklaring på at bondefråfallet er dempa under rødgrønt styre.

- Sett over tid er nedleggingstakten redusert, og det har med økonomi å gjere. Rekneskapstala viser ein auke i inntekt på 90.000 kroner per årsverk. Det er eg sikker på hjelper, seier Brekk.