Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa for dei tapte saker

Den nye regjeringas landbrukspolitikk er for det meste omkamp om saker Stortinget røysta nei til i sist periode.

Vart stemt ned: Jon Georg Dale og regjeringa tapte fleire saker i Stortinget i sist periode. Regjeringserklæringa ber bod om omkamp. Foto: Torstein Bøe/Scanpix

Kapittelet om landbruk i regjeringserklæringa er, overraskande nok, eit av dei meir keisame delane av Jeløya-dokumentet. Bortsett frå det uventa og noko uforståelege punktet om å leggje ned pelsdyrnæringa, særleg sidan det er berre er nøyaktig eitt år sidan Stortinget vedtok å ikkje gjera det, men heller stramme inn regelverket.

Resten er ikkje akkurat nyskapande politikk. Greitt nok, det er ikkje anna å vente enn at ei liberalistisk regjering vil føre ein liberalistisk politikk. Men fleire av punkta er ikkje anna enn omkampar frå tapte saker i Stortinget den førre fireårsperioden. Og det det ikkje var fleirtal for i den førre perioden, er det heller ikkje fleirtal for no, med eit KrF som i praksis vil avgjera politikken. Partileiar Knut Arild Hareide har alt uttrykt misnøye med det som står om landbruk og distrikt i dokumentet.

Difor er det noko overraskande at den nye regjeringa framleis ynskjer å endre odelsloven, og søkjer ytterlegare liberaliseringar av konsesjonsloven. Dette er saker der Høgre og Frp ville gå veldig mye lenger, men som partia rett og slett ikkje har fått med seg Stortinget på.

Odelsloven og konsesjonsloven vart behandla i Stortinget så seint som 13. juni i fjor. Der det har vore nokre oppmjukingar av konsesjonsloven, står odelsloven fast.

Så kva er då målet med å fremje politikk som ein veit det ikkje er fleirtal for? Utmattingstaktikk overfor KrF? Prinsipiell omkamp om tapte saker? Eller rett og slett berre uttrykk for dårleg fantasi og lågt engasjement?

Kva er målet med å fremje politikk som ein veit det ikkje er fleirtal for? Utmattingstaktikk overfor KrF?

Annonse

Resultatet har i alle fall vorte noko nedslåande for ei næring som blir viktigare og viktigare.

"Følge opp jordvernstrategien" er til dømes ei temmeleg dvask formulering, i ei tid der mange sektorar grafsar etter god kornjord til andre ting. I alle fall samanlikna med å "avvikle pelsdyrnæringa". "Legge til rette for urbant landbruk" har vore ei stor greie i ein del andre land, litt mindre greie her. Vanskeleg å vera usamd i at rekkehuseigarane kan dyrke gulrøter i hagen sin, om dei vil.

Les også: Regjeringa seier oftare ja til bygging på matjord

At landbruk ikkje har vore det viktigaste temaet i regjeringsforhandlingane, er openbert.

Neste artikkel

– Hårreisande å ville skyte ei binne