Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nortura slit med kjedene

Nortura aukar omsetninga og bøndene får attende pengar. Men i bakgrunnen ruvar daglegvarekjedene.

Nortura har hatt ein formidabel omsetningsvekst med styreleiar Sveinung Svebestad. Foto: Siri Juell Rasmussen

Omsetninga i Nortura auka i fjor med over 900 millionar, og selskapet omsette for fyrste gong for over 23 milliardar kroner. Det må ein kunne seia er ein bra vekst for selskapet, som i år går inn i sitt ellevte år som konsern. Så la også selskapet fram sitt beste resultat i si relativt korte historie som norsk bondesamvirke.

Men veksten er meir trass i enn på grunn av daglegvarekjedene. Nortura tapar i daglegvaremarknaden både for merkevarer, som Gilde og Prior, og med eigne merkevarer (emv) selskapet produserer for kjedene.

«Redninga» for Nortura var i fjor var den såkalla proffmarknaden, altså sal til restaurantar, institusjonar og kantinar, og til industrimarknaden, og til bedrifter som foredlar kjøtt vidare. Åleine stod denne marknaden for ein omsetningsvekst på 600 millionar kroner.

Sidan finanskrisa har det vore ein formidabel vekst i kjedene sine eigne merkevarer (emv). I fjor var emv-delen på område Nortura leverer på i daglegvaremarknaden 38,4 prosent. Året før var delen 35,8 prosent.

Dei siste åra har Nortura sin merkevaredel i butikkane gått nedover og nedover. Det gjorde den også i fjor. I 2013 var marknadsdelen for merkevarene 40 prosent. No er den på vel 35 prosent. I 2014 var Norturas totale marknadsdel i daglegvarekjedene 48,7 prosent. I fjor var den på rundt 45.

Norturas omlegging til produksjon av emv for daglegvarekjedene, ein strategi Arne Kristian Kolberg har stått i bresjen for sidan han inntok sjefsstolen i 2013, sikra at fallet i marknadsdelar etter Coops oppkjøp av Ica ikkje har vorte så stort som det kunne vore.

Coop sitt oppkjøp av Ica får framleis verknader for Nortura i 2016. Samstundes har det vorte slik, noko mange leverandørar til Rema 1000 har fått erfare etter nyttår, at mistar du delar av eller heile avtalen med ei kjede, er det jo no svært få å velje i.

Annonse

Problemet er at kjedene har teke valet for deg. Går du inn i ein vanleg Kiwi-butikk, er det vanskeleg å få auke på Gilde-varer i kjøttdisken. Rett nok står Nortura for skjering og pakking av emv til Norgesgruppen sine butikkar, så kjøttdeigen frå First price kan i teorien koma frå same gard, om ikkje same ku, som kjøttdeigen frå Gilde.

Det er sikker fint med eit billigare alternativ, men kvifor presse ut merkevarene? For mange forbrukarar ligg det trass alt ein viktig tilleggsverdi i å kunne kjøpe varer frå Gilde og Prior, eller andre merkevareleverandørar for den saks skuld. Det er ikkje kjedene, uansett kva sjarmoffensiv dei prøver seg på, som har utgifter knytt til investeringar i produksjonsanlegg, slakting, henting av dyr på gardane. Det er fyrst og fremst industrien (og bøndene) som ber risikoen i kjøttmarknaden.

Med ein vekst på bortimot ein milliard kroner i omsetning, skulle ein kanskje forvente at resultatet vart betre enn det vart. Styreleiar Sveinung Svebestad peiker på marginpresset i kjøttbransjen. Innanfor norsk næringsmiddelindustri er kjøttbransjen den industrien som har dei lågaste marginane.

Ei årsak er sjølvsagt kjedene sin higen etter eigne merkevarer. Andre årsaker er at det er fleire leverandørar av kjøtt enn det til dømes er på meierivarer, at kjøttvarer ofte er kjedene sitt fremste våpen i priskrigane, og at ein matproduksjon over heile landet krev ein meir desentralisert slakteristruktur. Det er grenser for kor mange anlegg eit selskap som Nortura kan leggje ned utan at det går på kostnad av dyrevelferda.

Det spøker ikkje for Nortura. Truleg har ikkje selskapet vore meir solid enn i dag. Sjølv om etterbetalinga til bøndene ikkje er av same storleik som den Tine kan tilby, er det grunn for eigarane til å glede seg over resultat. Likevel er den underliggjande utviklinga med nedgang i merkevaresalet urovekkjande. Til sjuande og sist handlar det om fordeling av makt og pengar.

Neste artikkel

Saueveteran ber Nortura ta grep om slaktepris