Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kommentar: Krise på krise for Nortura

Nortura går frå krise til krise. Eigarane må spørje seg om det er god nok styring i selskapet.

Nortura er nok ein gong i skikkeleg økonomisk skvis. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

2016 var eit ekstraordinært godt år for Nortura, som betalte ut 100 millionar kroner til eigarane. No er ikkje eit resultat før skatt på 461 millionar kroner særleg mykje når Nortura omsette for over 23 milliardar, men det var i alle fall eit lyspunkt i ein elles mangeårig traurig økonomisk situasjon.

No tyder mykje på at 2016 var eit unntaksår. Torsdag sende Nortura ut børsmelding om at resultatet for 2017 kjem til å bli svakare enn venta. Når årsresultatet ikkje kjem før 15. februar, er spørsmålet om samvirkeselskapet førebur eigarane sine på nok eit kriseresultat.

Det har vore krise på krise for Nortura, i den relativt korte levetida til selskapet. Konsernsjef Arne Kristian Kolberg meiner sjølv det er alvorleg. "Vi må kome oss opp av dumpen. Viss ikkje er vi i ein alvorleg situasjon", sa Kolberg til Nationen torsdag.

Det er definitivt alvorleg, sjølv om konsernsjefen ikkje vil seia noko om kvar resultatet for fjoråret ber hen. Sjølv peikar Kolberg på ein "krevjande overgang" til grossistdistribusjon, lågare sal og overproduksjon av fleire kjøttslag. Overgangen til grossistdistribusjon, som vart vedteke i 2006, har ikkje får full effekt før no. Den gongen, i 2006, var det også krise. Men selskapet har altså hatt 12 år på seg til å førebu seg til ein ny situasjon.

Spørsmålet er om me sit med heile biletet, eller om det kjem ytterlegare økonomiske bombar for selskapet, som til dømes som ein fylgje av innføring av nytt datasystem; overgangen til SAP-systemet som skal vera gjennomført til 2020. I mange store IT-prosjekt har det kome store kostnadsoverskridingar. Ting blir dyrare enn planlagt. Kva blir den totale prislappen på SAP-systemet? Ligg det an til overskridingar også her?

Eigarane må spørje seg om kva som er årsaka til at eit selskap, som er fleire gongar større enn konkurrentane, ikkje klarar å tene (nok) pengar. Sjølvsagt skal også matindustrien vera i kontinuerleg omstilling – men har ein valt den rette måten å omstille på? Har Nortura ein god (nok) langsiktig analyse og kontroll over større prosjekt? Er den langsiktige, strategiske tenkinga god nok? Eller er ein for rask til å peike ut syndebukkar, utan at alle steinar er snudd både to og tre gongar?

Det er openbert samansette årsaker til den økonomiske krisa. Etterslep etter overskridingane ved bygging av ny kyllingfabrikk på Hærland, kraftig nedgang i merkevaredelen i marknaden, maktkonsentrasjonen til daglegvarekjedene, Norfersk-anlegget, som ikkje har vore særleg lukrativt for Nortura, og ikkje minst dei vedvarande overproduksjonane på ulike kjøttslag.

I marknaden er mykje i spel nett no. Det overskot av svin, det er overskot av lam/sau, det er overskot av egg, og Nortura må også betale fleire kyllingbønder for å slutte å produsere kyllingkjøtt. I tillegg må eggprodusentar med miljøinnreiing leggje om til frittgåande produksjon, for å få lov til å framleis levere til Norgesgruppen.

«Men det er openbert ikkje berre kjedene sin feil at Nortura er i skvis.»

Annonse

Den såkalla stolpedanninga i daglegvarebransjen, gjer kjedene nær sagt allmektige. Nortura er hovudleverandør til Norgesgruppen på kvitt og raudt kjøtt, Nordfjord Kjøtt og Norsk Kylling leverer til Rema 1000, og Fatland og Den stolte hane leverer til Coop.

Det gjer at kjedene har makt til å stramme til vilkåra. Leverandøren må levere, eller miste sin største kunde.

Men det er openbert ikkje berre kjedene sin feil at Nortura er i skvis. Å lære av feila eigne og andre sine feil, er noko alle bør. Det gjeld også innanfor matindustrien. Når Nortura no melder at ei årsak til krisa, er eit 12 år gamalt vedtak om å slutte med eigendistribusjon, så er det ei temmeleg klar melding til Tine om å halde på sin.

Nortura har fleire, store prosjekt på bordet; det nemnde SAP-prosjektet, overgangen til eingongsemballasje på varelevering, omstilling i fjørfebransjen og ikkje minst den store omstillinga som ein del av framtidas løysingar i grøn økonomi.

Nok ein gong er det dei tilsette og bøndene som må ta ein stor del av støyten. Nortura varslar at 300 tilsette må gå. Bøndene får reduserte utbetalingar betalingar. Ein halv milliard skal sparast inn dei neste tre åra.

Tine har vore gjennom fleire rundar med innsparing. Trass i gode økonomiske resultat har Tine endevendt kvar einaste liten bit av selskapet for å spara pengar. Nortura har openbert mykje å lære.

Konsernsjef Kolberg er under stort press. Som øvste sjef er han også hovudansvarleg for drifta av selskapet. Dei mange utskiftingane av konserndirektørar dei siste åra, tyder på at Kolberg kanskje heller ikkje har hatt teamet han treng rundt seg. Spørsmålet no er kva framtid Norturar rustar seg for.

Neste artikkel

Matkastelov utan meining