Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ræmalusjonen som aldri kom

Det er liten tvil om at besteven-strategien til Rema har vore ein førebels katastrofe for selskapet.

Innkjøpsdirektør Lars Kristian Lindberg var frontsjef for Æ- og besteven-strategien til Rema 1000. No må ha finne seg ny jobb. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Så katastrofalt, faktisk, at far sjølv – Odd Reitan – i Finansavisen laurdag gjentek kritikken av seg sjølv.

Men sjølv om Reitan er tydeleg på at det er han som åleine sit med ansvaret, så er jo ikkje Rema og Reitangruppen bygd opp slik at det er den øvste sjefen som må gå.

For det er jo Ole Robert Reitan – eigar og administrerande direktør i Rema 1000 – og det ville ha vore svært oppsiktsvekkjande om eigar og imperiumarvingen måtte forlate skuta. Difor ser ein heller til andre; i dette tilfellet marknadssjef Cecilie Arnesen og besteven- og Æ-app-frontfigur Lars Kristian Lindberg. Som altså fram til slik cirka denne helga var innkjøpsdirektør i Rema 1000.

Under lanseringa i januar kalla Lindberg seg for ein vekkingspredikant. Men verken han eller resten av selskapet klarte å skapa nokon vekkingsbølgje.

Rema 1000 forklarer sjefsavgangane med ny organisering. På papiret ser det pent ut, men omorganisering er gjerne noko selskapa tyr til for å kvitte seg med toppsjefar dei ikkje lenger vil ha.

Å gjera Lars Kristian Lindberg eine og åleine til syndebukk for Remas mislukka strategi, blir feil. Meir eller mindre heile Noreg låg for Rema 1000 sine føter i januar, etter tidenes merksemd kring dette «nokoet» som skulle revolusjonere daglegvarebransjen. Men der Odd Reitan meiner Rema 1000 berre burde sete stille i båten og halde munn om at dei sa opp leverandørar, er ikkje dét nødvendigvis årsaka til Remas fall dette året.

Annonse

Les også: – Remas veivalg har gjort forbrukerne usikre

Den fyrste feilen dei gjorde, var å lure folk og fedreland til å tru at ein fordels-app revolusjonerer bransjen. Den andre feilen Rema 1000 gjorde, var ikkje å seia opp leverandørar – men å hardnakka påstå at færre leverandørar gir betre utval.

Reint kommunikativt kasta Rema 1000 bort tiårets sjanse. At folk ikkje lenger fann favorittane sine i Rema 1000, hjelper heller ikkje.

Det må vera lov å prøve og feile i daglegvarebransjen. Det store spørsmålet er sjølvsagt om omorganiseringa gir meir fres til Rema 1000.

Neste artikkel

Kyllinger og værhaner