Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Analyse: Kaos og kollaps i Tyskland

Astrid Sverresdotter Dypvik er Nationen-journalist, historiker og Tysklandsekspert. Her er hennes analyset av kaoset som regjerer Tyskland.

Angela Merkel møtte i den tyske forbundsdagen i går. Landet er i politisk krise. Foto: Markus Schreiber / AP NTB scanpix

Angela Merkel har vore ein suverent sterk leiar for EU og Tyskland. Denne hausten er ingenting det same, verken for Tyskland eller Europa. For norske lesarar er det kanskje litt vanskeleg å forstå at det er full politisk krise i Tyskland.

Regjeringssamtalane mellom Merkels CDU og tre andre parti braut saman. Men om det er så vanskeleg å få ei fleirtalsregjering, kan ein vel berre gå for ei mindretalsregjering? I Noreg har vi lang erfaring med at mindretalsregjeringar ikkje er synonym for kaos. Men tyskarane ser ikkje til Noreg. Dei ser til seg sjølv.

Den førande staten

Då samanbrotet vart kjent, sa den tyske presidenten, Frank-Walter Steinmeier, at dette er «ein situasjon vi ikkje har sett i Forbundsrepublikkens historie». Han mana alle involverte til å tenkje seg godt om. Etter 1945 har kjenneteiknet på tysk politikk vore stabilitet. Det er det som står på spel no.

Med Merkel som regjeringssjef har Tyskland vore den førande staten i EU. Mange grekarar vil nok innvende at Merkels politikk verken har vore særleg god eller spesielt rettvis. Men i ei uroleg tid med finanskrise og høgrepopulisme på frammarsj har Merkel stått fram som ei klippe.

Storbritannia har den tidlegare klovnen Boris Johnson som utanriksminister. USA er regjert av Donald Trump. I dette selskapet står Merkel unekteleg fram som ei oppsiktsvekkande verdig og klok statskvinne. Tyskarane har dei siste åra kome til å sjå seg sjølv, og Merkel, som ein av dei fremste røystene i den demokratiske verda.

Det er ein av grunnane til at den store avisa Süddeutsche Zeitung skreiv på kommentarplass at krisa er til glede for Vladimir Putin og Kinas Xi Jinping. Dei to tek den tyske regjeingskrisa til inntekt for sitt syn om at demokrati er ei lite eigna styringsform.

Verdas mektigaste kvinne - svekka

For Angela Merkel, verdas mektigaste kvinne, er det ingen tvil om at denne kollapsen er byrjinga på slutten. Tysk presse kallar det Merkeldämmerung. Namnet speler på Merkels kjærleik til opera, og på hennar fram til no usedvanlig sterke maktposisjon. Den norske tittelen på Wagner-operaen Götterdämmerung er forresten Ragnarok.

Merkel er svekka. Men dei fleste reknar det som svært usannsynleg med eit partiopprør mot Merkel no. Regjeringskrisa blir rekna som så alvorleg for landet at dei fleste trur CDU vil slutte rekkene bak sin aller mest kjente og populære politikar.

Som kanslar i Tyskland har Merkel vore sentrumsorientert. I regjering har ho samarbeidd med sosialdemokratar og liberalistiske fridemokratar. Evna til å forhandle og finne kompromiss blir rekna som ein av Merkels aller største styrkar som politikar. Det hjelpte ikkje denne gongen. For no var det ein som ikkje ville snakke med henne.

Skulda for kaoset

«Etter 1945 har kjenneteiknet på tysk politikk vore stabilitet. Det er det som står på spel no.»

Annonse

Den 38 år gamle Christian Lindner er mannen som no får skulda for kaoset. Lindner er leiar for partiet Fridemokratane (FDP). Fram til måndag denne veka var han ei stjerne i tysk politikk. Han har fått æra for å ha gjenreist FDP etter at partiet fall ut av Forbundsdagen i 2013.

I valkampen markerte Lindner seg som ein skarp, borgarleg Merkel-kritikar. Han hamra laus på Merkels bygging av vindmøller og tok den tyske bilindustrien og den tradisjonelle bensinmotoren i forsvar. Lindner var også krass i sin omtale av Merkels flyktningpolitikk.

Det er «betre å ikkje regjere enn å regjere feil», sa Lindner då han orienterte om at partiet trekte seg frå regjeringssamtalane. I tysk presse blir Lindner stempla som uansvarleg, populistisk og ikkje «regjeringsfähig». Det blir også spekulert i at brotet er eit uttrykk for Lindners overdimensjonerte sjølvbilete.

Vil ikkje skrive ut nyval

Nyval er ein mogleg veg ut av det tyske parlamentariske uføret. I så fall må president Steinmeier skrive ut nyval. Det har han sagt at han ikkje vil. Presidenten er sosialdemokrat. Det blir spekulert i at han kan overtale sosialdemokratane til eit nytt regjeringssamarbeid med Merkel.

Eit slikt samarbeid har vist seg å vere svært lite gunstig for partiet. Ved valet i september gjorde sosialdemokratane sitt dårlegaste val sidan den andre verdskrigen. Det skjedde etter fire år i regjering med Merkel.

Den tyske vegringa mot mindretalsregjering blir forklart med den bitre læra frå den notorisk ustabile Weimar-republikken. Akkurat hausten 2017 verkar som eit særleg lite gunstig tidspunkt å prøve ut ei ny styringsform på. I haust gjorde Alternative für Deutschland (AfD), Tysklands innvandringsfiendtlege, høgrepopulistiske parti, eit brakval.

Partiet fekk 12,6 prosent og 94 mandat. Forbundsdagen har no seks parti, og er dermed vanskelegare enn tidlegare å manøvrere i. Det blir ikkje lettare av at den har 94 høgrepopulistiske representantar som alle snakkar om og ingen vil snakke med. AfD jublar over kollapsen. På nettsida er partiet alt i gang med å samle inn pengar, i tilfelle det blir nyval.

I så fall tar dei sikte på å riste enno meir i det tyske politiske systemet.

Neste artikkel

Fra disse landene har vi importert svinekjøtt