299 poeng vart det både på Wear og Wohlen, medan Børre Pedersen fekk 298 poeng. Tek vi også med 297 poeng med 19 sentrumstiarar på Edvin Aamot, Trondhjems, eit av dei store namna i Nationens Landsskyting si historie, skulle oversikta over dei siste heimebaneskytingane vere klar.
- Beskriv skytinga di?
- Ser ein på kor mange innertiarar det vart, så er det ikkje så bra, men elles var det rimeleg bra skote, seier Magnus Wohlen.
Han fekk 14 sentrumstreff på sine 299 poeng, og plasserte seg dermed som femte beste skyttar i heimebaneskytinga så langt.
Mette Finnestad på topp har 18 sentrumstiarar, Ole Magnus Bakken 17, Hans Kristian Wear 16 og altså Magnus Wohlen med 14.
Magnus Wohlen, 43 år, arbeider på dataavdelinga til politiet i Sør-Trøndelag og har i mange år skote mest miniatyrog frigevær. I VM i Zagreb i
2006 var han på det norske laget som tok gull på 300 meter heilmatch. Dei to andre skyttarane var Vebjørn Berg og Espen Berg-Knutsen, også dei kjente namn innanfor DFS-skytinga.
Men no har Wohlen trappa ned på den internasjonale skytinga og skal konsentrere seg om å skyte DFS.
- Kvifor det?
- Det handlar om prioritering av tid. Å skyte internasjonalt tek mykje tid og medfører mange og lange reiser. Eg har blitt lei det. Dessutan har eg ungar som krev sitt, og då blir det lettare å drive baneskyting og rekke to stemne på ein søndag.
Magnus Wohlen har skote Nationen-skyting før også, men aldri vore i nokon finale.
- Eg håpar eg får sjansen no, seier han.
Overgangen frå sportsskyting til DFS-skyting inneber anna gevær, større skive og anna skyteprogram. Men det inneber også langt kortare skytetid, og det kan til dels stresse sportsskyttarane.
- Eg pleier samanlikne det med å springe 110 meter hekk i staden for 5000 meter, seier Wohlen.
Erfaring med Nationen-finale har derimot skyttaren som ligg på plassen bak Wholen på den førebelse finalelista. I 1992 ver Børre Pedersen, Lakselvdal, i finalen i Nationens Landsskyting. Med 298 poeng, og 19 sentrumstiarar skulle ny finaleplass vere så godt som sikra for Troms-skyttaren.
- Beskriv skytinga di.
- Veldig bra, sjølv om eg fekk ein av niarane mine i lliggande. Eg har mista litt poeng i liggande i år, men veit ikkje kvifor.
Skytinga på grunnlaget beskriv han derimot som full kontroll, både over børse, kropp og sjel.
- Eg skaut opp mot det eg er god for. Så lenge ein kan skyte 300 poeng, kan ein også seie at 298 poeng ikkje er nok. Men eg er god for 298 poeng, og det greidde eg.
Børre Pedersen er 38 år og bur i Tromsø. Han har kone, to barn, og har skote sidan 1984.
I det dagleg arbeider han med satellittinformasjon, og foredlar data om ver, forsking og olje.
Av tidlegare skyteprestasjonar har han ei medalje og ei stjerne frå Landsskyttarstemne.
I Troms skyttersamlag har dei eit prosjekt som heiter «Stang inn», for å få opp interessa for stang- og felthurtigskyting. Der er Pedersen prosjektleiar. Sportsleg leiar er Roy Håkstad, dobbelt meister i felthurtig frå Landsskyttarstemnet i 2003 og 2007. Begge skyt dei for Lakselvdal.
- Gir det å vere god i stang- og felthurtigskyting seg positive utslag også for vanleg baneskyting?
- Nei, eigentleg ikkje. Både stang- og felthurtig er spesieldisiplinar. Men det er veldig artig å halde på med, seier Børre Pedersen.
Publisert mandag 23.06.2008 kl. 14:00 (sist endret mandag 23.06.2008 kl. 14:00)
