I haust kom det krass kritikk frå Riksrevisjonen mot Statens vegvesens system for drift og vedlikehald av vegane.
Vinterdrifta, som brøyting og strøing, vart spesifikt kritisert. Dette er jobbar som blir utførte av entreprenørar som har vunne eit anbod hos Vegvesenet.
Riksrevisjonen sa at ein stor del av vegnettet hadde for dårlege framkomstilhøve og tryggleik. Årsaker til dette var manglande rapportering, for dårleg grunnlag til å vurdere som drifta skjer i samsvar med reglane og at kontrollnivået frå Statens vegvesen var for lågt.
No har Statens vegvesen Vegdirektoratet stramma til, og betre kontroll skal sørgje for betre vegar no til vinteren.
Betre
Leiar i seksjon for veg- og ferjevorvaltning i Vegdirektoratet, Tor Sverre Thomassen, seier til Nationen at det nye systemet er på plass for dei entreprenørane med dei nyaste kontraktane med Vegvesenet, og at etter kvart som dei andre kontraktane vert fornya vil dei nye kontrollrutinane gjelde også der.
– Hovudformålet er å få ei betre oppfølging av kontraktane vi har med entreprenørane, og med det få ei betre drift og eit betre vedlikehald, seier han til Nationen.
Det nye systemet inneber at Statens vegvesen no skal vere trygge på at det arbeidet som er bes til faktisk er utført før dei betalar ut pengar.
– Det er ei presisering. Vi kan ikkje betale for noko vi ikkje har fått. Når det har snødd, og det går ei stund, forsvinn «bevisa». Vi må vere på hogget for å få med oss alle endringar som kan skje, seier han.
No blir det slik at entreprenøren skal dokumentere tilstanden på vegane dei har ansvar for, og levere dette til Vegvesenet kvar 14. dag. I tillegg skal Statens vegvesen utføre strekningsvise kontrollar på dei «verste» strekkene, og alle farlege manglar og avvik skal meldast umiddelbart til entreprenøren som skal utbetre manglane.
Konstruktivt
Thomassen ser fram til å få det nye systemet på plass.
– Det vil bli ei betring som vi ser fram til. Utfordringa vår er at vi har eit stort vegnett med behov for utbetringar heile tida, alle dagar, alle timar. Ein må forsøke å få dette til med tillit mellom entreprenør og byggherre. I eit slikt opplegg tek ein opp saker, løyser dei og stiller krav til å betre produktet i staden for å gå laus på sanksjonar. Eg trur på den filosofien, seier han.
At kontrollen vert såpass kraftig utvida kjem til å koste Vegvesenet pengar, men Thomassen veit ikkje kor mykje:
– Den kostnadsauken vi har sett på dei kontraktane som er inngått i det siste kommer også på bakgrunn av at dei systema vi ber om kostar. Det er ein del av den prisen vi må ta for å få gode nok leveransar. Eg tør ikkje tippe kor mykje det kjem til å koste, men vi håpar prisane kjem til å gå ned etter kvart, seier han.
Systemet med konkurranseutsetting av drift og vedlikehaldet i Statens vegvesen har blitt kritisert. Ein har mellom anna opplevd ei kraftig prisauke på desse tenestene. Samferdsledepartementet har starta arbeidet med å få utført ei evaluering av denne konkurranseutsettinga.
Publisert tirsdag 15.12.2009 kl. 00:45
