Distriktsdebatten er ein av dei som har vore fråverande, seier valforskarane.
– Veldig lite diskutert
Professor i statsvitskap ved NTNU, Anders Todal Jenssen, trekk fram distriktsdebatten som ein av sakene som har blitt vekke:– Konflikten mellom by og land har vore veldig lite diskutert. Problema med å halde på bygdebusetnaden og landbruksaktiviteten har vore lite i fokus, meiner han.
Han trur det kanskje ikkje er heilt tilfeldig:
– Det kan kanskje i noko grad vere sjølvvalt frå Senterpartiet si side, sidan ting kanskje ikkje har gått slik dei hadde håpa på dette feltet dei siste fire åra, seier han.
Hanne Marthe Narud, professor i stasvitskap ved Universitetet i Oslo har sett det same:
– Det har ikkje vore veldig mykje debatt om distrikts- eller samferdslesaker. Desse blir ofte litt stemoderleg behandla, seier ho.
Narud trekk òg fram utanrikspolitikken som fråverande, medan Todal Jenssen òg etterlyser meir debatt om miljø og arbeidstakarane sine rettar i valkampen vi no har bak oss.
Regjering
Professor Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen seier det ikkje er nokon saker som har skilt seg veldig ut.– Det at dette har blitt ein regjeringsvalkamp framfor saksvalkamp gjer at sakene blir mindre viktige. Eg er einig i at distriktssakene har blitt gløymt saman med ei rekkje andre saker, som til dømes likestilling, seier han.
Samstundes seier Aarebrot at det nødvendigvis ikkje er så negativt for dei som ønskte distriktspolitikken høgt på agendaen.
– Senterpartiet ville nok tapt meir på om det vart ein saksvalkamp der distriktspolitikken ikkje er framme, i staden for ein regjeringsvalkamp der distriktspolitikken ikkje er framme, seier han.
Aarebrot held det heller ikkje som usannsynleg at Sp ville kome på defensiven om dist-riktspolitikk hadde blitt tungt debattert.
– Det er litt flaut at det er ein statsråd frå Høgre som har flytta ut så mange statlege arbeidsplassar frå Oslo. Å flytte ting til Ås imponerar ikkje oss i Distrikts-Norge, sjølv om Ås er ein fin stad, seier han.
– Helse alltid viktig
Fyrsteamanuensis Marcus Buck ved Universitetet i Tromsø peikar på velferdsspørsmål i brei forstand som kjernesaka.– Helse er «bankers», og har vore ei kjernesak i alle val sidan det EU-prega valet i 1993. Det har ikkje vore nokon spesifikke distriktspolitiske saker i valkampen, og aller minst her i Nord-Norge, men distriktssakene går på ein måte inn i «velferdspakken», seier Buck.
Også han meiner utanrikspolitikk har vore totalt fråverande i valkampen.
Han held det heller ikkje som usannsynleg at Frp kjem til å gå litt fram, og Høgre litt tilbake, heilt på tampen av valkampen. I tillegg blir heimesittarane viktige.
– Eit «regjeringsval» som dette har tradisjonelt hatt ein tendens til å mobilisere veljarar. Men sidan alternativet på den eine sida er så uklart, er det uvisst om det skjer. Det er to parti som rekrutterar frå heimesittarane; Ap og Frp. Om det blir ei låg valdeltaking kjem dei til å tape på det, seier han.
Publisert mandag 14.09.2009 kl. 08:22 (Sist endret mandag 14.09.2009 kl. 11:24)

