Frå i dag til 15. februar neste år kan det fellast 102 jervar på lisens.

10.09.2009 15:56
Dei regionale rovviltnemndene og Direktoratet for naturforvaltning (DN) har talt. Fram til 15. februar neste år kan det fellast 102 jervar gjennom lisensjakt her i landet, av desse maksimalt 34 hodyr.

I fjor blei det tilsvarande tildelt ei kvote på 86 dyr, og av desse blei 40 skotne.

"Jervebestanden ligger over det nasjonale bestandsmålet, bortsett fra region 7 Nordland, hvor regionen ligger under det regionale bestandsmålet på 10 årlige ynglinger."skriver DN på heimesida si.

Så langt i år er det dokumentert 53 jerveynglingar i Noreg, der forvaltninga har gjort uttak i sju. Jervebestanden er bereikna til totalt 339 dyr.

Du kan registrere deg som lisensjeger hos Brønnøysundregistrene

Emneord
Les også