Ein samferdsleminister og partileiar i valkamp tok seg ikkje tid til å teste vegstandarden i Hedmark og kom helikopterboren til Svullrya for å snakke om partiets rovdyrpolitikk.
Embetsverk og politikk
Rovdyrforliket i Stortinget var det store diskusjonstemaet på Grue Finnskog og Galven-tispa det mest aktuelle eksemplet på norsk rovdyrforvalting. Ho har russiske genar og er innvandra frå Sverige. Så langt har Statens naturoppsyn vurdert 70 sauer som tekne av tispa. For eit par veker sidan var miljøvernminister Erik Solheim på besøk i fylket og lova at dersom flyttinga av Galven-tispa mislukkast, skulle ho takast ut.
Les også:
Så langt har alle forsøk på å flytte tispa til sauefrie område vore mislukka. Men i staden for fellingsvedtak kjem det brev frå Direktoratet for Naturforvalting som seier at nytt forsøk på flytting skal gjerast 10. september, etter at beitesesongen er over.
– Det er embetsmannsstyre, seier sauebonde Lars Holen frå Finnskogen beitelag.
Og fekk støtte av partileiar Liv Signe Navarsete.
– DN har fått altfor mykje makt, seier ho.
Oppgradert
Delegasjonen hadde bede om få sjå det vel ei mil lange rovdyrgjerdet som er i bruk for tredje sesongen på rad. Partiet støttar oppsetjinga av gjerdet, men vil også vise det inngrepet i naturen eit slikt gjerde er. Det er tydeleg i skogen der det ligg om breidd med anleggsvegen som må til for å få det sett opp.
Gjerdet har blitt oppgradert sidan oppsettinga. Først var det fem trådar i gjerdet, no har det blitt sett på to trådar til.
Så langt i år har det sett bra ut innanfor gjerdet. Beitelaget oppsummerar også første året som problemfritt. Andre året kom det gaupe, i gjerdet.
Les også:
– Det vart katastrofe, vi hadde ikkje tenkt at det skulle vere servering på innsida, seier Holen.
For eit gjerde som er lage til å halde rovdyr ute er også effektiv til å halde sauen inne.
Å få fellingsløyve på gaupa tok tid, i tillegg til at det generelt er vanskeleg å felle rovdyr på sommarføre. Og så var det klart pålegg om at dersom det kunne sjå ut som om gaupa var ein del av ei familiegruppe, skulle ho få vere i fred.
Regelverk og praktisering
– Slik skal det ikkje vere, seier Navarsete.
– Er det regelverket eller praktiseringa av reglane som er problemet i rovdyrpolitikken?
– Begge delar, svarar partileiar Navarsete og nestleiar og listetopp i Hedmark Sp, Trygve Magnus Slagsvold Vedum i kor.
Til møtet med politikarane var også Kaj Teppen, leiar i Stange sau- og geitalslag, eller frå Galven-reviret, som han presenterte seg. Han fortalde om ein kvardag med tispa.
– Vi har ikkje ein dag fri. Arbeider vi på garden har vi dårleg samvit fordi vi ikkje er hos sauen, er vi på skogen har vi dårleg samvit fordi vi ikkje er på garden. Og no gruer vi oss til skal sanke inn. Vi har funne over 70 dyr, og veit at det talet kan gangast fleire gonger oppatt, seier Teppen.
Senterpartidelegasjonen var klare på at rovdyrsone var rovdyrsone, og at det ikkje skulle vere ulv utanfor.
Teori og prakis
Men sauebøndene var ikkje interesserte i å la politikarane slepp så lett unna.
– Senterpartiet var her før førre val også og lova det same som no. Vi ser korleis det har blitt. Kva tilseier at partiet skal få større i neste fireårsperiode, spør Lars Holen.
– Spørsmålet er høgare oppe på agendaen. Vi har lært dei andre partia litt opp.
– Vil Sp stille ultimatum i rovdyrspørsmålet om dei kjem regjering, spør Kaj Teppen.
– Nei, einaste ultimatumet er EU-spørsmålet, svarar delegasjonen unisont.
Publisert tirsdag 01.09.2009 kl. 01:00

